PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Forutan den vilkårslause fengselstraffa er 26-åringen også dømt til å betale offeret 75.000 kroner i oppreisingserstatning.

Det var 7. januar i år at domfelte, saman med ein kamerat, oppsøkte huset til ein bekjent i byen. Men korkje kameraten eller sambuaren hans var heime. Det var derimot sistnemde si dotter på tre år, og ei 15 år gammal nabojente som sat barnevakt.

Ifølgje dommen har 26-åringen drege med seg den mindreårige barnevakta inn på eit soverom og valdteke henne der.

Sunnfjord heradsrett peikar på at overgrepet skjedde då fornærma hadde ansvaret for eit lite barn i rommet ved sidan av. Ho ville ikkje rope om hjelp av frykt for å skake opp barnet, og var også usikker på korleis overgriparen sin kamerat ville reagere. Han sat saman med treåringen og så fjernsyn i stova.

Den domfelte 25-åringen kom til Norge som asylsøkar frå Irak i 1999.

I straffeutmålinga oppsummerer retten saka på denne måten:

— Det er tale om ei grov utnytting av ei ung jente utan seksuell røynsle, i ein situasjon der ho hadde vanskar med å forvare seg.

Retten legg til grunn at mannen brukte så mykje vald som var naudsynt for å forgripe seg på den mindreårige jenta.

Den 26 år gamle mannen har ifølgje dommen gjeve sprikande politiforklaringar rundt det som skjedde, og i retten gav han ein helt anna versjon enn den fornærma kom med. Mannen hevdar at det var jenta som var den aktive, og som tok initiativet til det som skjedde.

Dette festa retten ingen lit til, og meinte tre og eit halvt års fengsel er passande.

Aktor kravde fire års fengsel. Statsadvokat Yngve Andersen skal ta stilling til om saka skal ankast, men hadde ikkje sett dommen då Bergens Tidendes nettutgåve kontakta han fredag.