No har Midhordland heradsrett dømt den 30 år gamle gjerningsmannen til to års fengsel for fysisk og psykisk terror mot ungguten. Det grove overgrepet fann stad i Os for to år sidan.

Bakgrunnen for torturen var at gjerningsmannen mistenkte 15-åringen for å ha stått bak eit innbrot i bilverkstaden til faren. 15-åringen vart også skamslått og fekk ein geværmunning stukke inn i munnen, med beskjed om at han ville bli skoten dersom han ikkje fortalde kven andre som var med og braut seg inn.

Det er ikkje funne prov for at 15-åringen hadde noko med innbrotet å gjere. Han har i ettertid hatt psykiske problem på grunn av torturen. Den dømte 30-åringen nektar for å ha gjort noko mot 15-åringen, og vil anke dommen. Ein 28 år gammal kamerat av 30-åringen var også tiltalt for å ha vore med på terroren, men vart frikjent i heradsretten.