PER MARIFJÆRENPer.marifjaeren@bt.no

33-åringen måtte i retten svare for å ha skote kvinna med luftpistol på fire-fem centimeters hald. I tillegg var han tiltala for drapstrugsmål mot politiet, narkobruk og heimebrenning.

Inn i pannebeinet Då rettssaka tok til greidde ikkje politiet å finne den fornærma kvinna, men retten meinte at saka kune gå utan hovudvitnet si forklaring. Retten peika på at tiltalte har erkjent dei faktiske forholda rundt skyteepisoden.

Det var om ettermiddagen lørdag den 14. april i år at den sterkt rusa mannen, under ein krangel med kvinna, retta luftpistolen mot panna hennar og trakk av på få centimeters hald. Kula bora seg inn i pannebeinet på kvinna, og måtte fjernast av lege. Såret måtte legen sy med fire sting.

Trass i hovudskaden gjekk kvinna sjølv og melde saka for politivakta i Florø. Ifølgje dommen skal kvinna ha samtykka i at 33-åringen kunne trekke av, men retten meiner samtykket til å bli skoten i hovudet måtte for tiltale fortone seg som ein spøk. Han kunne dermed ikkje ta det alvorleg, meiner retten.

Drapstrugsmål Retten peikar på at skyteepisoden lett kunne ha medført langt meir alvorlege skader, og at tiltalte hadde redusert kontroll i situasjonen som følgje av rus. Også den fornærma kvinna var rusa og uberekneleg.Retten ser såleis alvorleg på skyteepisoden, og meiner skadepotensialet var stort.I tillegg til skytinga er 33-åringen dømt for å ha truga politibetjenten som pågreip han på det mest alvorlege. Tiltalte truga med å skyte hovudet av politimannen, at han skulle drepe han på fritida, at han visste kvar politimannen bur og kven familien hans er.

Retten meiner trugsmåla er eigna til å skape alvorleg frykt. I tillegg er 33-åringen dømt for hasjbruk og heimebrenning.

Sunnfjord heradsrett meiner at 75 dagars fengsel utan vilkår er passande straff, og 33-åringen får inndratt eit luftgevær, ein luftpistol, ammunisjon til luftvåpen, ei hasjvekt og eit komplett heimebrentapparat.