OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no

Retten meiner Kristensen skal sone 30 dagar. 90 dagar er på vilkår.

Etter lang tids sivilrettsleg strid om dei to mindreårige gutane reiste Per Kristensen i august 1999 til Danmark og henta dei to barna sine hos eks-kona si.

Han heldt dei i skjul for barnemora i fire månader ulike stader i Sør-Noreg.

I retten prosederte Kristensens advokat Morten Kjensli på at Kristensen gjennom denne handlinga gjenoppretta ein lovleg situasjon for ungane, ettersom barnemora hadde teke barna ulovleg ut av landet. Den danske kvinna fekk hjelp av barnevernet i Kvinnherad til å føre ungane ut av Noreg.

I RETTEN: Per Kristensen (tv) og advokat Morten Kjensli i Sunnhordland heradsrett på Stord 26. mars i år. Kristensen er nå dømt til 120 dagars fengsel. (FOTO: OVE A. OLDERKJÆR)