OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord— Eg er skuffa over dommen. Eg har ikkje gjort noko gale, eg tilbakeførte ungane til ein lovleg situasjon, seier Kristensen til Bergens Tidende medan han i påskehelga har samvære med sine to søner heime på Halsnøy. 46-åringen si danske ekskone tok våren 1998 dei to ungane ulovleg ut av Noreg - med assistanse frå barnevernet - til hennar nye heimstad i Danmark. I august 1999 drog Per Kristensen til Danmark og henta borna medan dei var på veg til skulen. I fire månader heldt han dei i skjul for mora på ulike stader i Noreg.- Barnelovens paragraf 43 er klinkande klar. Ungar kan ikkje førast ut av landet medan rettslege forhold er uavklarte. Tvisten var ikkje avklart før i juli 2000. Eg forventar no at rettsapparatet tek eit kraftig oppgjer med eit barnevern som stod bak ei ulovleg handling og brukte offentlege midlar på det, seier Per Kristensen.46-åringen har teke kontakt med Justisdepartementet for å arbeida for at den europeiske menneskerettskonvensjonen blir integrert i det norske lovverket. Sunnhordland heradsrett dømte Kristensen med tilvising til at 46-åringen tok den omstridde barnefordelingssaka i eigne hender. "Under enhver omstendighet kan retten ikke se at den selvtekt tiltalte utøvet da han hentet barna den 13.08.1999 kan anses som rettmessig", uttalar retten, som også kritiserer barnemora, barnevernet i Kvinnherad og danske styresmakter for måten dei handterte konflikten på.