PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Det nytta lite at den plaga styreleiaren i burettslaget ringde og klaga på banke-terroren frå husværet over, og resultatet vart at politiet måtte koplast inn.

Metalliske smell Dermed enda saka i retten, der Førde-mannen no er dømd til bot og sakskostnader for å ha krenka naboens nattero.

Det var i perioden frå september til oktober i fjor at mannen ved fleire høve, til ulike tider om natta, forstyrra kvinna. Kvinna hadde soverom under mannens husvære, og fekk ikkje sove på grunn av dei høge, metallisk klingande smella. Ifølgje retten hadde dei to eit anstrengt forhold, etter at 38-åringen fleire gonger skal ha brote burettslaget sine reglar for parkering og husorden.

Ukonsentrert, redd og usikker Kvinna fortalte i retten at bråket auka i omfang etter at tiltalte fekk brev om brot på burettslagsreglane.

Tiltalte forklarte støyen med at han og sambuaren var oppe om natta som følgje av sjukdom og smerter. Retten fann likevel at lydane hadde ein annan karakter enn dei vanlege huslydane i ei blokk, og kom til at støyen vart frambrakt i den hensikt å sjikanere burettslag-leiaren.

Ho fortalde i retten at ho ikkje fekk sove om natta, og som følgje av dette fekk konsentrasjonsproblem på jobben. Vidare forklarte ho at støyen gjorde henne redd og usikker.

Gjekk oppe om natta Nattestøyen pågjekk i halvannan månad. Då ho ringde naboen og bad han slutte, vart ho bryskt avvist. Og dei metalliske smella heldt fram nattestider.

Den 38-årige mannen vart såleis funnen skuldig i brot på straffelovas paragraf 390a, som opnar for opptil seks månaders fengsel for den som "ved skremmende eller plagsom opptreden, eller annen hensynsløs adferd krenker en annens fred, eller som medvirker hertil".

I dette tilfellet vart det ikkje fengsel, men fire tusen kroner i bot, pluss 1.500 kroner i sakskostnader.

Likevel — noko å tenke på neste gong naboen ber deg skru ned musikken?