Det viser ein rapport forskar Henrik Lunde frå Antirasistisk senter og Espen Sjølie frå det antirasistiske tidsskriftet Monitor har laga.

Av dei 453 sakene som politiet starta etterforsking av, vart 380 lagt vekk. 73 saker vart oppklart. Men i berre 31 av dei oppklarte sakene, vart det teke ut tiltale. Og ni av dei enda altså med dom.

Dei to forskarane konkluderer i rapporten med at det er god vilje på topplan i deler av norsk forvaltning til å ta rasismeproblematikken på alvor. Lenger nedover i systemet sviktar det derimot totalt.

Dette er både eit prioriterings— og kunnskapsproblem, men også eit ressursproblem politikarane må ta på alvor om dei meiner noko med å kjempe mot rasisme.