Det er gode grunnar for å takka vår moderne pressa for alt det nye som me fær kjennskap til gjenom reportasjar. Denne gongen gjeld det nye ord, og nærast eit nytt misjonsarbeid etter som ungdomar frå Levende Ord Bibelsenter i Bergen er i misjonsuppdrag i Århus og i Berlin.

Derifrå kan BT-journalisten Rune Valderhaug melda at sume av dei utsende «har det dødskult med Jesus». Og i neste setning fær me vita at «det er dødsgøy å fortelle um Jesus». «Dødsgøy» er nok endå sterkare enn «dødskult». For dette å ha det dødsgøy er sterkt. Det nyttar ikkje lenger å ha det kult. For det er mange år sidan skuleborn kom heim og lærde foreldri det nye ordet kult. No er me komne mykje lenger Tvo gjentor frå Levende Ord hev gjenge ikring med vaskebyttor for å syna at Jesus elskar både danskar og tyskarar. Desse ungdomane driv både misjonsverksemd og målarbeid. I framande land må dei læra folket kva nye ord tyder, «dødskult» og «dødsgøy» med Jesus er ikkje einfelt for danskar og tyskarar, det trengst språklege tydingar.

Det er ikkje lenge sidan dei som driv med bibelumsetjingar heldt samrådingsmøte i Bergen og vart intervjua. Då fekk me lesa um mykje nytt som skal inn i Bibelmålet. Og her kan det vera von til at bibelumsetjarane fær nyord til gjevandes.

Fyrebils er det godt at den nye målbruken vert prøvd i Århus og i Berlin.

LUDV. JERDAL