— Hadde vi i startfasen visst det vi veit i dag, ville vi ha gått rett på arbeidet med ein reguleringsplan, seier prosjektleiar Gry Stenersen i Jernbaneverket, Region Vest, til Bergens Tidende.

Nye hindringar

Saka om køyrbar undergang på Endeve har skore seg igjen, sjølv om både grunneigarar og formannskap var villige til å betala betydelege beløp for å dekka ekstrakostnaden. No kan ikkje kommunen sin tekniske etat godkjenna vegløysinga fram til fylkesvegen. Den eksisterande vegen, som Jernbaneverket vil knyta seg til, er for bratt.

— No får jordskifteretten, eventuelt jordskifteoverretten, avgjera om vår løysing er god nok for gardsbruka til at planovergangane kan leggast ned, seier Stenersen.

Seier retten nei, må det finnast fram blanke ark.

Bakvendt for Fjose

Jernbaneverket sin plan er å erstatta åtte planovergangar med ein køyrbar undergang attmed Gjerdåker haldeplass (der det har vore dødsulykke) og eit rør for gangtrafikk og husdyr på Endeve. I staden for køyrbar undergang får husa ovanfor jernbana på Endeve vegtilkomst frå Gjerdåker via Rykkje.

For Amund Fjose betyr det kilometerlang omveg mellom hus og jorde. Familien må i praksis byta grend. Gjerdåker-grenda kjem mykje nærare enn naboane tvers over jernbanelina i Tjukkebygda.

Langt lerret

Av om lag 5000 planovergangar på det norske jernbaneverket 1. januar 1998 låg 396 på Vossebanen, Bergensbanen og Flåmsbana. I løpet av knapt tre år er 131 av dei fjerna. Men det står framleis 265 dødsfeller att.

Åtte av desse ligg i Tjukkebygda mellom Tvildemoen og Ygre stasjon.

Toga frå Bergen må også bruka Randsfjordbanen og Drammensbanen for å koma fram til Oslo. Særleg på strekninga Hønefoss-Vikersund ligg planovergangane tett som hagl.

Farleg for alle

— Jernbaneverket satsar tungt på å få bort planovergangane, men kostnadene er store, og løyvingane små, seier informasjonskonsulent Sindre Ånonsen i Jernbaneverket, region Sør, til Bergens Tidende.

Planovergangane er ikkje berre ei fare for dei som må kryssa lina, men også for togpassasjerane. Køyrer toget inn i ein fullasta tømmerbil som ikkje kjem seg over i tide, kan det gå frykteleg gale.

Toga går oftare, fortare og stillare, men det har også vore ei utvikling hjå dei som kryssa lina, frå til fots ved hundreårsskiftet til svære vogntog i dag. Likevel er det Jernbaneverket, det vil seia Staten, som for det meste tek rekninga.