TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Forskarar trur det berre er eit tidsspørsmål før det kjem eit epidemisk sjukdomsutbrot som vil kunne lamme oppdrettsnæringa i området. I ein nyleg utgitt forskingsrapport vert kombinasjonen Mongstad og den enorme oppdrettsaktiviteten i Hordaland og Sogn og Fjordane karakterisert som hasard!På Vestlandet ligg oppdrettsmerdene tettare enn nokon annan plass i verda. Same område er eit av dei mest trafikkerte sjøområda i landet. Dagleg dumpar store oljetankskip ballasten når dei hentar olje på Mongstad— og Stureterminalen. I dette ballastvatn lever organismer som er ukjende i Norge. Desse organismane kan spreie kjende og ukjende sjukdomar til menneske, dyr og fisk. Farleg kombinasjon - Kombinasjonen av oljeterminalen på Mongstad og den store konsentrasjonen av oppdrettsanlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane, er mildt sagt ein farleg kombinasjon, seier prosjektleiar Gunnar Album i Norges Naturvernforbund.Album viser til Australia som døme på det vi kan vente oss her i landet. Der er det no nedlagt forbod mot oppdrettsanlegg i store område rundt viktige hamner. Grunnen er enorme vanskar med sjukdomar som australske styremakter meiner skuldast den store trafikken frå hamner i asiatiske land, først og fremst Japan.Naturvernforbundet har, på oppdrag frå Norges Rederiforbund, utarbeidd ein rapport om miljøvanskar som skuldast transport av smittestoff og levande organismar som vert sleppt ut i ballastvatn frå båtar. I rapporten "Hvor fartøy flyte kan, der følger ballastvann" vert det påvist at ei rekkje nye organismar er innført til norskekysten frå ein stadig aukande skipsfart. Den store overraskinga Mellom anna meiner forskarane at chatonella-algen, som no fører til omfattande fiskedød i oppdrettsanlegg på Sørlandet, kom til Norge frå Asia via Nederland i 1996.No meiner forskarane algen har "slått rot" i Skagerrak og Kattegat, og formerer seg sjølv. Forskarane meiner problemet med algeoppblomstring vil vere størst på Sørlandet og lengst sør på Vestlandet. Grunnen er den store tilførselen av næringssalt frå landbruket i Europa.- Men, faren for at vi skal få det vi kallar "den store overraskinga", er klart størst i Hordaland og Sogn og Fjordane, nettopp på grunn av Mongstad-terminalen, meiner Gunnar Album.- Kva er den store overraskinga?- Det kan vere virus som gjev sjukdomar både på menneske, fisk og dyr, sjukdomsbakteriar, langt giftigare alger enn dei vi har i dag, eller nye høgareståande arter, eksempelvis framande skjel, børstemark eller fisk.

DUMPAR SMITTE: På Mongstad dumpar tankskip dagleg ballastvatn med organismer som er ukjende i Norge, og som kan spreie kjende og ukjende sjukdomar.