Men endå viktigare er det at nokon kan fortelle dei at visse utviklingstrekk i samfunnet og økonomien har gitt emnet påtrengjande aktualitet. Eitt av desse er at systemet med det doble bokhalderi er inne i si verste krise på 500 år.

Historia om dette doble bokhalderiet er knytt til ein fascinerande figur frå den italienske renessansen. Lucas Pacioli vart fødd i 1445 og etter å ha verka mange stader i Italia, vart han professor i Milano i 1496. To år før hadde han gitt ut «Summa de Aritmetica, Geometria, Proportioni et Proportionalita». Han var korkje bokhaldar eller revisor. Han var fransiskanarmunk og matematikar. Han interesserte seg for tilhøvet mellom matematikk og kunst og var omgangsven av den samtidige Leonardo da Vinci.

Det doble bokhaldarsystemet er ein av grunnpilarane i den europeiske sivilisasjonen. Det er fullt mogleg å hevde at i vår historie har han spelt ei like viktig rolle som Marx eller Freud. Du vil fåfengt leite etter namnet hans i det store konversasjonsleksikonet. Der han burde stått, står Al Pacino, og han er ein ikkje fullt så viktig mann. Men nå har vi fått internett. Der kan vi finne ut at hans språk og omgrepsapparat har hatt hegemoni i 500 år. Når vi brukar nemningar som aktiva og passiva, debet og kreditt, profitt og tap, balanse, skriv det seg tilbake til denne italienske munken.

Hans store prestasjon er at han skapte eit system for kontroll og innsyn. Det synte harde facts og ikkje luftige gissingar og subjektive oppfatningar. Forteneste og tap vart sett inn i eit empirisk system som kunne etterprøvast i bøkene. Slik la han også grunnlaget for makta til den hæren av revisorar som har regjert oss i moderne tid og levd overmåte godt av arbeidet sitt. Men nå strevar dei med å finne nytt fotfeste.

Det heng saman med utviklinga i økonomien og teknologien. Den siste generasjonen har sett framveksten av den tenesteytande sektoren. Nå er det «funky business» der hjernekraft, kompetanse, merkevare og tillit i marknaden er dei avgjerande faktorane. Verdas største forretningsimperier som samstundes er dei største i menneskeættas historie, er alle baserte på slike verdiar. Dei er immaterielle og kan ikkje verdsettast eller bokførast etter våre gamle mål.

Eg kolliderte med denne problemstillinga då NRK skulle bli aksjeselskap i 1996. Då skulle bedrifta etter reglane verdsettast, og vi vart invaderte av landets mest renommerte revisjonsselskap. I sine grå dressar gjekk dei laus på bygningane, tomtane, bilane og produksjonsmidlane i kringkastingsselskapet. Det gjekk som smurt. Men så rota dei seg bort i arkiva. Desse er rett nok det norske folkets kollektive minne av lyd og bilete, men kva verdi har dei? Kven vil betale kva for desse lyd— og videobanda og filmkassettane? Det enda med at revisorane slo fast at NRK er verd 1 milliard norske kroner og drog heim att.

Då visste eg at dei ikkje hadde vore i nærleiken av det som eigentleg har stor verdi i NRK. Alt det dei kunne verdsette, kan dei store internasjonale selskapa kjøpe utan ekstra fullmakter på eit par timar. Men kva med kompetansen, kreativiteten, programkonsepta, tilliten, historia, den nasjonale symbolverdien og mangfaldet av kunnskapar? Det er desse faktorane som kvar einaste dag er avgjerande for kvaliteten og konkurransekrafta i NRK. Kva er slikt verd og korleis skal det bokførast?

Nå forsikrar det same selskapet at dei er blitt mykje flinkare sidan 1996 når det gjeld å kvantifisere immaterielle verdiar. Mine vener i eit anna revisjonsselskap, Arthur Andersen, har lånt meg ei bok som viser korleis dei arbeider med dette problemet. Den heiter karakteristisk nok «Cracking the value code». Av denne framgår det at tilhøvet mellom den gamaldagse balansen og børsverdien til dei nye store kunnskapsselskapa er i monumental ubalanse. Microsofts balanse er 6 pst. av børsverdien. 94 pst. av verdien til verdas største privatøkonomiske eining kan altså ikkje målast med dei gamaldagse måla. Eg såg at America Online-Time/Warner nyleg skreiv ned sin såkalla goodwill-konto med 50 milliardar dollar. Men før det var den gamle balansen 3,3 pst av børsverdien. Til og med eit selskap som Coca-Cola reknar at dei gamle verdiane utgjer berre 7,9 pst. av totalverdien på selskapet.

Frå mitt politiske liv hugsar eg særleg godt den uvanleg bitre striden omkring nedlegginga av Christiania Spigerverk i Nydalen i Oslo. Hovudstadens gloriøse industriepoke gjekk mot slutten og det var ikkje underleg at mange kjende det som eit utåleleg tap av arbeidsplassar og kultur. Seinare fekk eg vere med på å etablere NRKs dramasenter i Nydalen. Det vart ein magnet på mykje anna rart. Ta ein tur dit i dag og sjå på mangedoblinga av godt betalte arbeidsplassar. Verdiskapinga er mangedobla og det har til og med vore plass til eit spikarverk der.

Nydalen er eit lærestykke i drivkreftene i vår tid. Til og med tradisjonelle industriselskap investerer i dag ofte meir i forsking og utvikling, opplæring og informasjon enn i fabrikkar og maskiner. Denne utviklinga skyt fart også som følgje av globaliseringa og dereguleringa av økonomien. Det blir meir og meir interessant å prøve å finne mål for verdien av menneskeleg kapital og merkevare. I tillegg ser eg nå at økonomane arbeider med eit omgrep dei kallar sosial kapital. Det gjer reknestykka enda vanskelegare og meir ugjennomtrengelege. Dette får konsekvensar for fordelinga av kapitalen. Det er ikkje lett korkje for bedrifter, investorar eller samfunnet å avgjere om vi skal satse på dei gode gamle verdiskaparane eller på dei nye meir immaterielle verdiane.

Så kan ein sjølvsagt spørje: Er det eigentleg noko problem at revisorane og dobbelt bokhalderi taper terreng? Ja, det er eit stort og alvorleg problem på mange måtar. Dei som steller med dei offentlege finansane kan t.d. byrje med å spørje om kva som vil skje med skattegrunnlaget når dei viktigaste verdiane ikkje kan målast. Da vil også skattegrunnlaget forvitre. Nå ser eg at finansministeren meiner at også formuesskatten bør bort. Da står vi i beste fall att med å skattlegge land, bygningar og fattigfolk. Mange vil meine at det er det vi alt har drive med i lang tid. Eller dei kan spekulere på korleis vi skal sikre og verdsette kollektive gode som dei NRK og Meteorologisk Institutt produserer. Dei er livsviktige både for samfunnet og næringslivet, men det er ikkje innlysande at dei kan oppretthaldast i det systemet vi nå er på veg inn i.

Enda viktigare er det kanskje at Paciolis system for innsyn og kontroll blir erstatta av ein økonomi der kontrollen blir vanskelegare. Det gir opningar for triksarane og sjarlatanane. I Storbritannia sit ein mann som heiter Nick Leeson i fengsel. Han handla med immaterielle verdiar og presterte eitt av dei største bedrageri i verdshistoria. Det var mogleg fordi dei som skulle kontrollere han, ikkje forstod kva han dreiv med. Di meir spesialisert økonomien blir, di vanskelegare blir det for ikkje-spesialistar å verdsette og kontrollere. Det blir eit perfekt system for dei som vil drive med innsidehandel og som er dei einaste som forstår.

Ein av dei mest interessante nålevande nordmenn heiter Eva Joly. Ho fortel at ho starta sitt arbeid mot korrupsjon og fiffel med å tru at dette er marginale fenomen som blir drive av nokon få med særleg dårleg moral. Så oppdaga ho at dette gjennomtrengjer heile vårt økonomiske og politiske system i ein slik grad at det er blitt ein del av sjølve systemet. Når kontroll og innsyn blir vanskelegare, får også dei som skal regulere eigarskap og konkurranse større problem, Alt gamle Adam Smith fortalde oss at slik regulering er ein avgjerande føresetnad for at marknadsøkonomien skal kunne fungere. Den viktigaste eigedomsretten i framtidas samfunn vil vere retten til å utnytte kunnskap, ikkje eigedomsretten til land og mineralar.

Vi har nokre få tilløp til politisk debatt om dette, m.a. om retten til å kommersialisere menneskeættas mest typiske felleseige, genene, som vi saman har utvikla gjennom millionar av år. Men i det store og heile er folkestyret håplaust på bakfoten i forhold til slike problemstillingar.

Det er all grunn for næringslivsleiarane til å diskutere etikk. Vi treng ein ny Lucas Pacioli til å finne eit kontrollsystem for vår tid. Mi tru er at korkje næringslivsleiarar eller revisorane vil komme opp med løysinga. Men kanskje finst det ein munk, ein matematikar eller ein annan raring som finn der ingen andre leitar og kjem opp med det avgjerande svaret på ei av vår tids største utfordringar?