Mitt siste møte med korpset pluss solistar var i Sogndal Kulturhus 11. september.

På programmet var det 70-tals musikk. Fint – dette ensemblet er breispora i sitt repertoar. Og Sogndal Kulturhus er kjend for god akustikk i den intime storsalen, anten det er teater, einslege instrument, kammergrupper eller 100-manns symfonikonsertar. Av ein eller annan uforståeleg grunn hadde arrangørane funne det nødvendig å forsterke musikken til eit lydnivå som ein elles berre opplever på rockekonsertar. Til og med dei tre slagverkarane hadde fått mikrofonar stukke opp mellom sine instrument. Og lydmannen skrudde tydelegvis opp volumet til det maksimale. Kvifor så mange decibel?

For først gong i mitt liv måtte eg forlate ein konsert av omsyn til hørselen. Det var ei lise å kome ut til mild trafikklarm i Sogndal sentrum. Alle musikkinteresserte vestlendingar veit at Divisjonsmusikken har vore truga av nedlegging. At organisasjonen i denne situasjonen prøver nye «grep» er forståeleg. Men er eit langt steg i retning av 100-decibels pop-storband rette vegen å gå?

For meg var dette eit feilgrep.

ANDERS ANDERSSEN, LEIKANGER