DebattAv Sigbjørn Hauge,Voss Senterparti leiar

Ser ein på kva saker dei er opptekne av er min påstand at Senterpartiet har ein profil og eit program som tek opp i seg mykje av innhaldet i opprøret. Ein kan her nemna kvar Sp stod når det f.eks. gjaldt organisering av sorenskrivarkontora og no seinast Forsvaret.

Som døme på kva me i Sp synest er viktig for distrikta vil eg trekkja fram fylgjande:

Landbruk: Sp har alltid stått for ein landbrukspolitikk der ein har satsa på dei små driftseiningane og at dette skal vera ein av bærebjelkane i å halda oppe den spreidde busetnaden. Dette trur me er det som på sikt vil gi oss den sikraste forsyning av rein og sikker mat, og at ein tek vare på kulturlandskapet. Kva ville vel fjordane våre ha vore utan fruktdyrking i dei bratte liene.

Samferdsel: Sp vil satsa på kollektivtrafikken, særleg i dei store byane.

I distrikta er bilen det viktigaste framkomstmiddelet, det er då viktig at ein har eit sikkert og godt utbygd vegnett. I revidert nasjonalbudsjett vil Sp bevilga 1 mrd. meir til vegbygging. I anleggsbransjen er det ledig kapasitet med permitteringar og maskiner som står i ro. Ekstrabevilgninga skal gå til vedlikehald, opprusting og rassikring på riksvegane våre. Dette vil koma distrikta til gode og vil ikkje vera kostnadsdrivande og føra til auka rente.

Kommuneøkonomien: Ved omlegginga av fordelinga og overføringane frå staten (Rattsø) til kommunane er det mange små kommunar som har kome dårleg ut. Sp har alltid gått inn for at dette skal det kompenserast for.

Utflytting frå Oslo av statlege arbeidsplassar: Sp har kome med forslag om å flytta ut 2000 årsverk. Med datakommunikasjonen ein har i dag burde dette ikkje vera noko problem. Men dette heng nøye saman med at ein får utbygd breidband over heile landet, og ikkje berre i dei mest tettbebygde områda der dei store selskapa ser økonomi i det. Sp vil sikra den digitale allemannsretten. Det ein ser for seg er at alle skal ha tilgang til breidband innan neste stortingsperiode, gjennom at staten går inn med midlar til utbygging. Svaret ein har fått på dette er at det er markedet som skal ta seg av det.

Grendaskulane: Sp vil i revidert nasjonalbudsjett koma med forslag på 250 mill. meir til skule slik at ein kan stoppa nedlegginga av grendaskular.

Skal ein fortsatt ha levedyktige bygder er dette døme på saker, i lag med mange andre, som er svært viktige. Difor til grasrotopprøret: Stå fortsatt på, så skal me i Sp gjera vårt for å tala dykkar sak i Oslo. Til dette treng me til hausten mange stemmer, skal me oppnå Hordaland Sp si målsetting: To på Tinget.