Når Jostein Mæland, som eg elles har stor respekt for svarar, er ikkje det uventa. Men kvifor prøver han å diskutera noko heilt anna?

Eg meiner at eg gjorde det rimeleg klart tidleg i mitt innlegg at eg ikkje var på konserten. Fordi tilskiparane gjennom si marknadsføring ikkje viser den respekt for det viktigaste på konserten. Folkemusikken og folkemusikkutøvarane, som eg meiner at dei burde. I staden køyrer dei fram kjendisar som har markert seg innan andre kunstarter.

Og så ei annan presisering. Når eg brukar uttrykket »det primitive utgangspunktet» , så prøver eg å bruka ironi. Ei van-skeleg sak fekk eg fortalt frå ein røynd debattant. Men for å ha det heilt klart. Om det i dette høvet er noko som er »primitivt» så er det freistnaden på å overføra hardingfeleslåttar til eit så avgrensa instrument, i høve til utgangspunktet har-dingfele, som piano, klaver, eller for den del flygel.

Eg har endå så stor tiltru og respekt for komponisten og musikaren Edvard Grieg at eg reknar med at dette var han klar over.

Kjell Kjerland