Dei anonyme breva med overskrifta «PEDOFIL Advarsel» vart funne i fleire postkasser i bustadfeltet Ørnefjellet mellom Alvøen og Mathopen tysdag.

I brevet blir administrerande direktør Ove Ellingsen i AS Frankering Bergen stempla som sexovergipar av verste sort. Teksten er skrive ved hjelp av PC, og har følgjande tekst: «Vi vil med dette skriv advare alle foreldre med barn. Ber dere som leser dette om å bringe advarselen videre.

Adm. dir. Ove Ellingsen, Gjerdehaugene 21, 5174 Mathopen, ble tatt mens han hadde samleie med et barn på 10½ år i sin bil. Vi ønsker å skjerme vår datter for den belastning det er å få saken offentlig kjent, saken er derfor ikke anmeldt til politiet. Psykologen støtter oss i vårt valg. Men Ove Ellingsen skal være klar over at folk kjenner til hans syke legning, derfor dette skriv».

Mista munn og mæle

Brevet er ikkje signert, og to av dei som fekk det leverte det straks vidare til politiet på Laksevåg.

Ove Ellingsen fekk hakeslepp av innhaldet.

— Eg msita munn og mæle då politiet fortalde kva dei ville snakke med meg om. Det går an å seie mykje om meg, men pedofil har eg aldri vore. Den som greier å få på meg noko slikt, skal få ein million kroner, seier Ellingsen.

Han bur sjølv ein halvtimes gange unna Ørnefjellet, like ved Mathopen skole, og brukte mykje av gårsdagen på å banke på dører i nabolaget der breva var lagt ut for å høyre om fleire hadde fått brev.

— Ingen av dei eg trefte heime hadde fått det.

Det er tydelegvis berre lagt til nokre utvalde, seier Ellingsen.

Sjikanert før

Han har også tidlegare vore utsett for anonyme skuldingar om både sexovergrep og andre brotsverk.

— Tidlegare har eg ledd det vekk. Eg har aldri tatt det alvorleg, seier Ellingsen, som er gift og har fem barn i alderen to til 27 år.

— Kona mi fekk mildt sagt sjokk av dette. Brevet er utan skrivefeil, så det er heilt opplagt vaksne menneske som står bak, seier 47-åringen. Han har bestemt seg for å prøve å sjå rasjonelt på det som har hendt.

— Så lenge det ikkje finst eit einaste grann av sanning i brevet, har eg rygg til å bere det. Det er berre sjuke folk som kan skrive noko slikt, seier Ellingsen. Han har eit visst håp om at politiet vil oppklare saka.

— Eg har mine mistankar. Det finst personar som stod meg veldig nær for 20 år sidan, men som ikkje står meg så nær i dag, for å seie det slik.

Eg har ingen bevis, men har sagt til politiet kva eg trur, seier Ellingsen.

MISTA MUNN OG MÆLE: Ove Ellingsen har sine mistankar om kven som står bak dei anonyme breva som er spreidd i postkassene i bustadfeltet Ørnefjellet på Mathopen. - Berre sjuke folk kan skrive slikt, seier Ellingsen.
FOTO: TOR HØVIK