Som engasjert tilhøyrar hadde eg i eit slik forum venta ein sakleg debatt der ulike argument vart framført til støtte for dei ulike syn.

Frå mindretalet vart dette òg gjort. Men fleirtalsgrupperinga skuffa stort, og særleg Høgre sine representantar.

Med full salen av engasjerte tilhørarar, både noverande og potensielle høgreveljarar, utviste dei ein arroganse og manglande vilje til sakleg debatt som overraska stort. Var dei ikkje klår over at det var politisk engasjerte menneske med kvar sin røysterett som sat i salen? Her hadde tydeleg nokon snakka saman på førehand og rekna med at fleirtalet var berga. Det einaste som vart framført frå den kanten var at gruppeføraren sa at dei var komne der for å stå fast på administrasjonen si innstilling. Sjølv om mindretalet, representert ved medlemer frå Frp, KrF, SV og Sp, inviterte til sakleg meiningsbryting, vart det ikkje eingong kommentert. Her skulle tydeleg makta rå!

Trur nokon at det er slik politisk framferd og debatt vi veljarar vil ha? Nei, Høgre, dette representerer eit lågmål. Praktisk politikk på dette nivået fører på sikt berre til eit resultat: de skit i eige reir!

SVEIN BERGSETH,

UTÅKER