Regjeringa held mange fleire saker borte frå offentleg innsyn enn det Bondevik gjorde. Her er Jagland "vinnaren" i hemmeleghald. Utanriksministeren har nekta innsyn i tidlegare regjeringsnotat i saka om flyplassen på Gardermoen. Etter mykje press ser han no ut til å tenkja nytt i saka.Regjeringa overstyrer kyrkjer og trussamfunn. Trass i at alle papir er i orden, trass i lova og trass i fleirtallet på Stortinget, nektar kyrkje— og undervisningsministeren å godkjenna ein friskule på Sørlandet. Vi veit alle at rett til å bestemma over eigne barn og deira undervisning er solid nedfelt i internasjonal rett. Men dette bryr Trond Giske seg lite om.Regjeringa har presentert for Stortinget eit framlegg som vil tvinga Kyrkja å handla etter Ap sitt "teologiske" syn på homofile og lesbiske prestar i vigsla teneste. Og pengesekken skal snørast igjen til dei trussamfunn som ikkje har dei rette meiningane etter regjeringa sin målestokk.I barnehagespørsmål skal foreldra få nokre timar gratis barnehageplass. Det høyrest fint ut, men det er eit forsøk på å dirigera foreldra i valet mellom arbeid ute og i heimen - mellom kontantstøtte og stønad til barnehage.Dette er berre nokre saker som syner tankegangen til regjeringa Stoltenberg.Til overmål vil dei ha oss til å tru at politisk intoleranse kan brukast for å demma opp for ein frykta religiøs intoleranse.Berre 13 prosent meiner Jens Stoltenberg gjer ein god jobb. Vi kan slå fast at vi har ei regjering folket ikkje vil ha. No bør politikarane på Stortinget og kvar einskild veljar sørga for at vi får ei ny regjering som er tolerant, open og gjennomsiktleg demokratisk. Dei totalitære tendensane må bort. TORILL SELSVOLD NYBORG