Dagleg leiar Peder Totland i Folgefonntunnelen AS er likevel ikkje uroleg for utviklinga. Ikkje enno.

— Over heile året må vi ha eit gjennomsnitt på godt og vel 300 bilar for å halda økonomien flytande. Så langt i år har vi eit snitt på 574.

Dermed har vi mykje å gå på, men vi må rekna med at november, fyrste halvdel av desember og januar vert dårlege månader, seier Peder Totland til Bergens Tidende.

Han opplyser at snittet for veke 43, 44 og 45 er nede på ca. 260.

— Den beste dagen hadde vi rett etter opninga midt i juni. Då køyrde 1343 bilar gjennom tunnelen, seier Peder Totland.