SIREN SUNDLAND

Det er noko kjent med Den Bleikfeite. Han minner meg om ein annan kar eg har sett på TV 2. Han minner om Mannen Med Månefjeset, han som heile tida driv og gøymer seg i bøttekott og under trappa for å sleppe å gjere noko. Han som er så arbeidssky, gniten og tiltakslaus, veit de. Eller kan det vere Pløsa i Prøverommet han liknar på? De har sett han som truar den slappe kroppen sin inn i raudt dameundertøy akkurat i det brannalarmen går. Klart de hugsar Pløsa, det er jo han som må evakuerast i raude blonder og mjølkekvite lår mens kona og ungane sit heime og skjemst. No har eg det! No veit eg kven han er: Han er det nye mannsbildet. Han er det slappe kjønn!

Det lir mot jul, det er tid for tradisjonar. Ikkje noko får meg i betre julestemning enn litt førjulsfeminisme. Tidleg i desember, år etter år, har vi samla oss rundt reklameplakatane frå Hennes & Mauritz for å ule mot damer i syntetisk silketanga. Kan de hugse Bridget Fonda? Kan de hugse jula med Kylie Minogue?

Kan de hugse høgtida over alle høgtider — den jula Nicole Smith låg på plakaten? Det var ein stor sesong. Nicole hadde raud og open munn. Vi ulte oss hese.

Tider skal komme. Tider skal henrulle. Men i år har ingen tid til å la seg provosere av tynne damer i billege truser. Tradisjonar er til for å haldast, så i år vil eg ule mot det nye mannsbildet. I år vil eg stå opp for det slappe kjønn!

Reklamefilmane for Canal Digital og Byggmakker (gudane må vite kva Pløsa I Prøverommet reklamerer for) er ikkje så interessante i seg sjølv. Det er ikkje godt å seie kor mykje reklamen pregar oss. Det einaste eg er sikker på, er at reklamen speglar oss. Vi ler av Den Bleikfeite og Mannen Med Månefjeset av ein og same grunn: vi ler fordi vi kjenner dei att. Vi ler fordi vi har sett dei før, i fordommane våre.

Moderne kjønnsteori handlar mykje om at kjønn er noko vi gjer meir enn noko vi har. Teoretikarane seier altså at kjønn er meir kultur enn genetikk (praktikarane er sikkert ikkje ueinige i det). Berre ved å gjere dameting vert du ei dame. For å vere skikkeleg mann, gjer du skikkelege manneting. Dette har eg personleg stor tru på, teorien gir nye perspektiv til julebaksten: Eg bakar ikkje sandnøtter fordi dei er så himla gode. Eg bakar sandnøtter for å vere fullverdig kvinne. Eg bakar, altså er eg.

Filmane om Den Bleikfeite og Mannen Med Månefjeset avslører oss. Dei viser fram sentrale stereotypiar som dannar mønster for alt vi kan tenke og seie. Stereotypiar er som koter på våre hjernekart. I desse karta ligg lagnaden til den middelaldrande mannen.

La oss gjere ein enkel test: Slå opp i ditt interne System for Stereotypiar, slå opp i Fordomsordboka. Bruk søkeorda «middelaldrande mann», og du vil umiddelbart finne synonyma «utrangert, udugeleg og uinteressant».

Kvinner har ikkje einerett på kjønnsdiskriminering. Det er tid for å ule.

Siste akt:

Kona til Den Bleikfeite står i døropninga og lagar trutmunn. Ho lokkar, han kjem. Etter nokre sekund på soverommet går ho inn att i stova, ho slenger seg på sofaen. Ho er lekker, moden og lekker. Det er openlyst at dama har tatt kontroll. Ho har tatt fjernkontrollen. Den Bleikfeite søv tungt no. Han snorkar og drøymer vått om Martin Schanche. Ved fjernsynet sit kona med utslått hår. Ho siklar etter Brad Pitt.

ILLUSTRASJON. MARVIN HALLERAKER