MÅNDAG 17. FEBRUAR:

— Ekstraordinært styremøte Helse Vest. Administrasjonen rår til at fleire lokalsjukehus skal misse akuttfunksjonar og fødeavdelingar og bli gjort om til distriktsmedisinske senter. - Folkerøysting i Ølen og Vindafjord om kommunesamanslåing, vel eitt år etter at Ølen forlet Hordaland fylke. - Ullensvang heradsstyre. Politikarane vil ha attende det gamle gode formannskapet. På møtet er det venta vedtak om ny politisk organisering frå neste valbolk. Største striden kan stå om det nye formannskapet i Ullensvang skal ha sju eller ni medlemer.

TYSDAG 18. FEBRUAR:

— Første dag av Haugesundskonferansen 2003 om tryggleik til sjøs, Haugesund. Med mellom andre fiskeriminister Svein Ludvigsen, sjøfartsdirektør Rune Teisrud og Leif A. Lier frå Politiets sikkerhetstjeneste. - Start todagarskurs i «Førstehjelp ved sjølvmordsfare» ved Høgskolen Stord/Haugesund, Ådland, Stord. - Møte i Hordaland fylkeskommune sin komité for næring og utdanning, Bergen. Skal mellom anna gje høyringsuttale til regelverk for havbeite for hummar og kamskjel. - Dei to 18-åringane som døydde i trafikkulukka i Kvinnherad sist måndag blir gravlagde frå Uskedalen kyrkje.

ONSDAG 19. FEBRUAR:

— Møte Hordaland fylkesutval. Skiping av stiftinga Vestform er ei av sakene. Stiftinga skal utnytte dei føresetnader som ligg i Vestlandets natur, ressursar, næringsstruktur, historie og kultur i formidlinga av stader og produkt. Truleg blir det sett som vilkår at også Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal og bykommunane Bergen og Stavanger, vert med i stiftinga,

TORSDAG 20. FEBRUAR:

— Styremøte Helse Førde. Skal mellom anna drøfta innstillinga om å gjere lokalsjukehusa i Lærdal og Eid om til distriktsmedisinske senter.

FREDAG 21. FEBRUAR:

— Hordalandsbenken på Stortinget møter Hardangerrådet i Norheimsund. Under same samlinga blir det møte mellom styringsgruppa og referansegruppa for digitale-hardanger.no. - Stor, tredagarsmesse om skjeldyrking startar i Stavanger. Trass stor produksjonsauke slit næringa med giftalgar, skjelkvalitet og verdiskaping. Skjelorganisasjonar i vest og SBD er tilskiparar.