No, til dømes, er det dette at kvinner tek vare på ungane i samfunnet som er gale.

Barndommen er blitt femininisert og borna blir skjøre og sårbare av den grunn!

Sjølvsagt er det ønskeleg med fleire fine menn i barnehagar og skular.

Sjølvsagt. Men når menn ikkje vel seg inn i jobbar på desse arenaene, blir det for dumt å klandra kvinnene.

Eg undrar på kva førsteamanuensis Beck har som utgangspunkt for å hevda at det er kvinner som øydelegg (gut)ungar og at det er kvinner som får menn til å styra unna barnehagar og skular. Og eg lurer på kvifor det er så ille at kvinner oppdrar born i dag.

For eg høyrer til ei tid då borna helst vaks opp i heimen.

Det var då ikkje mennene som tok vare på borna då heller. Far var ein nokså perifer person som kom heim etter lange arbeidsdagar, åt middag, kvilte middag og sidan tok ut på eigne gjeremål på kveldstid. Eg er ikkje sikker på i kor stor grad han rakk vera ein god rollemodell på søndagsturane. Eg er heller ikkje overtydd over kor avgjerande kontakten med mannlege lærarar kunne vera for klassekameratane mine på den tida. Me var redde dei. Var det bra?

Eg vil tru at det i dag er mange born som har eit langt betre forhold til nærverande og omsorgsfulle fedre, i det minste. Eller bestefedre. Eller andre vaksne menn. Og at dei mennene som enno finst i skulen kan by på langt fleire kvalitetar i tillegg til kunnskap og autoritet. Men eg veit ikkje om det er mennene si forteneste at det er slik.

Det er snevert og begrensande å seia at kvinner representerer ei generell type læring, og at åtferd eller oppdraging er så til dei grader kjønnsrelatert/-bestemt. Eg ville ønskt for mine born (gutar i barnehage for tida utan menn) at dei fekk vera med mange forskjellige menneske. Alle slag kjønn, fargar, aldrar og fasongar. For meg er det eigentleg like gale at dei i barnehagen stort sett møter norske kvinner i om lag same unge alder, som at det ikkje er så mange menn innom der. Men samstundes ser eg at kvinnene som er der til saman har eit utruleg breitt repertoar å spela på. Eg er kolossalt imponert over jobben dei gjer og svært glad for at gutane mine får vera med dei!

Alle menn eg kjenner kunne hatt mykje å læra der!

Og eg tenkjer at viss det er det å trekka i tvil den kompetansen og dei mange ulike verdiane kvinner bidrar med som skal til for å få menn inn blant borna — så kan det for min del like gjerne vera!

Annelise Berger, Bergen