Dette går fram av sluttrapporten frå det fylkeskommunale SKT-prosjektet, som har evaluert det private barnevernet i Hordaland. Rapporten vart lagt fram i fylkesutvalet i går.

Det aller rimelegaste tilgjengelege tilbodet er nettopp det fylkeskommunale Ungdomsfamilietiltaket, som kostar 1286 kroner døgnet. På pristoppen ligg Øvsttunsenteret, som tek imot det tyngste klientellet. Her kostar eit døgn 10.035 kroner i snitt.

Prosjektgruppa kjem med ei lang rekkje forslag: Dei vil blant anna at fylket skal følgje betre med på kva dei private tiltaka kan tilby, kor god kvalitet dei held, og korleis prisane utviklar seg.

Gruppa foreslår også at fylket sjølve byggjer ut fleire akuttplassar og plassar der barn og unge kan bu medan behova deira blir kartlagt. Ein av grunnane til at dei her vil ha offentlege plassar, er at behovskartleggingar gjort av ein privat institusjon svært ofte konkluderer med at ungdommen bør plasserast i tiltak drive av det same private selskapet.