— Blir det større kløft mellom den muslimske og den vestlege verda dersom det viser seg at det var fundamentalistiske islamistar som stod bak terroranslaget mot USA?

— Om det viser seg at det var muslimar som stod bak, er eg redd for at det vil kunna få slike konsekvensar.

— Korleis kan det arta seg?

— Det vil befesta dei frontane som alt finst, og i verste fall føra til krig mellom sivilisasjonar. Ingen vil vera tente med ei slik utvikling, korkje politisk, kulturelt eller økonomisk.

— Korleis er reaksjonane i muslimske land?

— Sterkt antiamerikanske kjensler har kome til uttrykk. Det inneber likevel ikkje at ikkje mange er forferda over denne typen terror.

— Folkeopinionen er dessutan éin ting, politikken er noko anna. Den politiske leiinga i desse landa har sterkt fordømt dei ansvarlege for det som har skjedd.

— Det skuldast ikkje berre redsel for represaliar, fleire regime er avhengige av støtte frå USA, og kan vera redde for å missa denne alliansen, sjølv om USA knapt kan sjå seg tent med ei slik utvikling.

— Kvifor vart det jubelscener blant palestinarar etter tragedien i USA?

— Det er enkelt å forklara. Palestinarane opplever at dei er i krig med Israel, og at USA støttar Israel i denne krigen. Det er vel å merkja grasrota, ikkje leiarane, som reagerer på denne måten.

— Kvifor er USA blitt den store satan?

— USA grip inn i mange lands politikk på ein måte som ofte skaper sterke motkrefter. Det er ofte stor opposisjon mot regime som støttar seg på USA. Det er ei utvikling som går attende til byrjiinga av det tjuande hundreåret. Det mest aktuelle dømet er utviklinga i Midtausten.

— Går frykten for islamsk terror ut over vanlege muslimar?

— Det kan koma til å gjera det, om vi ikkje greier å besinna oss, om vi ikkje greier å hindra generaliseringar. Det er farleg å peika ut ein heil del av verda som viljuge til å utøva terror, sjølv om berre nokre få er ansvarlege. Vi har tidlegare sett eksempel på at vanlege muslimar i vestlege land har fått lida som følgje av ugjerningar som er utførde i religionens namn. - Har det noko med religionen å gjera at så mange muslimar er viljuge til å ta på seg terroroppdrag?

— Terror og vald er noko vi kjenner att frå mange grupper som er prega av politisk eller religiøs fanatisme, der medlemene er indoktrinerte og avstengde frå impulsar utanfrå. Dei japanske kamikazepilotane, Baader-Meinhof-gruppa i Vest-Tysland, det verkelege IRA i Nord-Irland, baskiske separatistar i Spania, dei er alle døme på dette.

— Historisk har religion og politikk vore samanbundne i islam, islam har også utvikla dogmet om heilag krig. - Men islam i seg sjølv er på ingen måte meir krigersk enn kristendomen, som har utvikla seg i rolegare retning. - Kan vestleg demokrati og islam kombinerast?

— Det finst store grupper over heile verda som hevdar islamske verdiar og samtidig legg vekt på ønskjet om å utvikla demokrati innanfor islamske rammer. - Finst der muslimske land som har utvikla eit demokratisk styresett?

— Det er ingen muslimske land som heilt har klart å utvikla eit demokratisk styresett hittil, det er fleire ledd på ein historisk veg å koma dit.

— Kva gjer muslimske land for å stoppa internasjonal terrorisme?

— I fleire muslimske land føregår det ein intern terror utført av islamistar. Desse landa gjer det dei kan for å stoppa terroren, som jo går ut over dei sjølve også. Det skjer også eit internasjonalt samarbeid på dette området. - Kvifor forsvinn religiøse minoritetar frå muslimske land?

— Det er mange grunnar til det, i Midtausten er den viktigaste grunnen at dei som reiser søkjer betre økonomisk framtid og betre sjanse til utdanning, dei ønskjer seg til vestlege land, alle som kan, gjer det. Dei kristne har dessutan gjerne lavare fødselsrater enn muslimane. - Men ein av grunnane er også at diskrimineringa mot dei kristne minoritetane i Midtausten har auka dei siste åra.

— Bur det islamistar i Noreg?

— Ja, men eg har førebels ingen grunn til å tru at nokon av dei vil utøva valdsverk.

— Aukar talet på islamistar i vestlege land?

— Dei siste tre åra har det vore stabilt. Talet på islamistar i den vestlege verda auka mest på nitti-talet.

— Korleis kan diskriminering av vanlege muslimar førebyggjast dersom det viser seg at det var fundamentalistiske islamistar som stod bak terrorhandlingane i USA?

— Ved ikkje å stigmatisera heile grupper av menneske, visa politisk klokskap, ta avstand frå alle former for terror og vald og gjera kva vi kan for at det ikkje skal skje. - Kvifor reagerer vi så sterkt på det som skjer i USA når vi let krig og terror i den ikkje-vestlege verda passera? Er det eit uttrykk for rasisme?

— Eg veit ikkje om eg ville kalla det rasisme, det er vel heller vårt politiske ansvar som er defekt.