Først som preludium og underliggjande tema i EU-striden, så etter folkerøystinga i 1994, som ein del av revansjehaldninga. Dei som planlegg omkamp om EU har sitt 9. april: "Det skal aldri skje igjen."For å få dette til må dei positive førestillingane om Noreg, som eit land kjenneteikna av relativt liten grad av sosial ulikskap og små avstandar mellom folket og dei folkevalde, rivast ned. Sjølve førestillinga om positive nasjonale, kulturelle særdrag må fjernast. Eit anna bilete må etablerast: "Utenforlandet". Førestillinga om eit Noreg kjenneteikna av einsretting, trongsyn og manglande kulturelt mangfald, førestillinga om Jante som eit eintydig norsk (og ikkje til dømes også dansk) fenomen. Denne nye forteljinga om Noreg som ei bakevje vart først fremja av ei handfull skribentar i hovudstaden, og då kombinert med den nye dyrkinga av byen, den forfølgde byen, kapsla inne av ei mistruisk landsbygd. (Ei særeigen Oslo-historie, kven kan tenkje seg skribentar i Bergen skrive ei tilsvarande historie om Bergen utan å bli ledd ut av både bymann og stril!)I denne forteljinga er det nasjonale ein søppeldunk for alskens skrot; sneversyn, rasisme, sjølvgodheit. Historia til den norske nasjonalismen som ein i all hovudsak demokratisk og egalitær tradisjon, må skrivast om. Mellom linjene kan ein lese at namn som Garborg, Koht, Nygaard og Lahnstein høyrer saman med Milosevic, Le Pen, Goebbels. Ein norsk nasjonal-demokratisk radikal tradisjon finst ikkje.Denne vesle gruppa skribentar har vore nyttige for og inngår i ein koalisjon med den nye eliten av medie— og reklamefolk - og politikarar - dei nye jappane. Vi er inne i ei ny jappetid, og denne gongen er det ei jappetid også på det politiske området. Vi har ikkje berre fått ein spekulasjonsøkonomi, men ein spekulasjonspolitikk. Reklamespråket trengjer inn i politikken og journalistikken. Politikk er reklame og reklame er politikk. Korleis politikarar kler seg vert viktigare enn kva dei representerer. Det er symptomatisk at karrierevegen for yngre ambisiøse politikarar er konsulent-/lobbybedriftene - etter avslutta stortingskarriere. Tidlegare stortingsrepresentantar og statssekretærar frå Arbeidarpartiet samarbeidar i slike bedrifter med tidlegare stortingsrepresentantar frå Framstegspartiet.Mottoet er: Arbeid for dei interessene som betalar best. (Vi er alle forbrukarar, men nokre er større forbrukarar enn andre.) Grunnen vert klargjort for dei store offensivar: Det er ikkje lenger sentrale nasjonale institusjonar som er verd å forsvare. Tida er inne for "modernisering". Og modernisering tyder i denne samanhengen dels nedbygging, dels at institusjonane vert ribba for eigenart og forma etter den same rasjonaliseringsleisten.Moderniseringa skjer på brei front, frå dei eldste institusjonelle ordningane våre, den allmenne verneplikta og statskyrkja, til dei sentrale verkemidla for demokratisk og nasjonal styring: nasjonale eigarskap, kontroll av næringsliv og naturressursar og ikkje minst dei nasjonale kulturinstitusjonane som høgare utdanning og NRK."Moderniseringsprosessen" vert framstilt som noko uavvendeleg. Motstandarane av denne "moderniseringa" - dei som ikkje forstår den som modernisering, men som ei tilbakevending til antikverte politiske standpunkt som reelt sett tyder avpolitisering og snever kommersialisering – vert definert som "nostalgiske". Det mest nostalgiske av alle partia er Senterpartiet, fordi dette partiet forsvarer og representerer standpunkt som var felles politisk tankegods for nokre få år sidan. Politiske idear går fort ut på dato i tabloid-tida.Dermed er også dagsorden sett for valkamp i det nye årtusenet. Sentralt spørsmål: Prisen på svineflesk på dei to sidene av Svinesundet. Overordna tema; Korleis gjere Noreg billegare?Politikken vert marknad. Det finst ikkje pasientar, klientar, studentar, elevar eller borgarar lenger – vi er alle først og fremst forbrukarar og kundar. Dermed er spelereglane etablerte. Dei politikarane som representerer verdiar knytt til arbeid og danning vert ekskluderte. Striden om veljarmarknaden står mellom dei tre Forbrukarpartia.Hovudmotstandarar: Arbeidarpartiet og Høgre. Sannsynleg vinnar: Høgre (har tona ned konservatismen og leverer varene). Outsider: Framstegspartiet. Historisk tapar: Arbeidarpartiet. Partiet er språkleg og ideologisk modernisert av Brundtland og Jagland, og har difor korkje argumentasjon eller omgrep å møta høgresida med. Like lite som Ap lenger kan forsvare nasjonen kan dei angripe marknaden. Men dette er også ein dagsorden med ein stille sensur: Sensureringa av røystene til dei som meiner det norske samfunnet har positive særdrag som er verd å bygge på og forsvare.Folkerøystinga i 1994 og meiningsmålingar viser at desse røystene er mange. Dei har teke til motmæle før.Av Per J. Jordal og Oddgeir Osland