EINAR FØRDE

Ragnar Hovland skreiv så vakkert om det på desse sidene nyleg: Å reise er blitt eitt av dei viktigaste elementa i vårt moderne tilvere. Reisa til og frå noko er eit privilegium som i våre dagar er blitt nær allemannseige. Det har vore ei viktig utviding av fridomen for svært mange av oss. Derfor flytter vi på oss som aldri før.

Prognosene tyder på at denne utviklinga berre vil akselerere. Trass i moderne informasjonsteknologi, videokonferansar, e-mail, virtuelle internett-møter og alt anna nytt som skulle gjere mange reiser overflødige, vil vi framleis helst møtast i kjøt og blod. Mykje tyder på at kommunikasjonsrevolusjonen er ei drivkraft til ytterlegare auke i mobiliteten.

Bergens Tidende helsar på leiarplass Norwegian Air Shuttle velkomen og stadfester si tru på at konkurransen vil gi oss billegare flybillettar. Men så kjem altså dette ubehagelege Framtiden i våre hender og refsar oss fordi vi vil reise billegare. Flytrafikken er eit av dei store miljøproblema i tida, energibruken er forkasteleg og skadeleg og folk burde reise mindre. Det verste er at FIVH truleg av ettertida vil få heilt rett. Av grunnar som eg ikkje heilt har oversyn over, er internasjonal flytrafikk ikkje inkludert i Kyoto-avtala. Det internasjonale klimapanelet spår at bruken av flydrivstoff vil auke med uakseptable 3 prosent i året i tida som kjem.

Billege flyreiser basert på avgiftsfri flybensin kan ha sett sine beste dagar, dersom vi skal ta intensjonane i Kyoto-avtala på alvor. Det bør vi absolutt gjere. Karbonutsleppa til lufta er for lengst allment akseptert som ei av dei mest påtrengjande miljøutfordringane i vår tid.

SAS har i slagords form slått fast at dei vil vere eit flyselskap for forretningsmannen. Han er sjølve inkarnasjonen av det moderne, vi kan kanskje kalle det hypermobile mennesket. Han kan ha 150 reisedagar i året. Han reiser Oslo–London–Johannesburg–Chicago–Tokyo–Singapore–Oslo på nokre dagar. Reiseprogrammet gir nye bonuspoeng som gjer det mogleg å ta helga i Nice og reise til New York nokre dagar for å vere med i bryllaup. Han har for lengst oppdaga at opninga av flyrommet over Sibir har gjort luftvegen til Beijing til ein bagatell. Australia og Grønland er favorittmål for fritidsreisene, fordi han eigentleg er friluftsmann må vite.

Men dette hypermobile mennesket er ingen karikatur. Han finst i hopetal rundt oss. Sjølv dei som kjenner seg som heimfødingar og nokså jordbundne, reiser meir enn før både i arbeid og fritid.

Det finst sikkert også norsk statistikk for slikt. Men eg har nyleg lese at ein europear i 1950 reiste gjennomsnittleg 8 km pr. dag. Det meste av denne reisinga gjekk føre seg til fots. Ved tusenårsskiftet var gjennomsnittstalet 45 km pr. dag mest utan bruk av føtene. Prognosene for år 2025 er bortimot 100 km pr. dag. Ein slik auke vil udiskutabelt ha store konsekvensar. Det som var svært fridomsutvidande blir i aukande grad eit problem for fridomen vår på grunn av følgjene for miljøet og vårt sosiale liv. Ein rett-fram-etter-nasa-spådom vil vere at spørsmålet «er denne reisa verkeleg nødvendig» vil dukke opp stadig oftare også utanom innsparingsprogramma i bedriftene. Vi er like ved at det blir diskutert korleis det skal kunne gjerast lønsamt å reise mindre. Framtida vil gi oss bonusprogram for å halde oss i ro.

Dei rike har alltid hatt høve til å reise. Framleis er det slik at til rikare du er, til meir reiser du. Dei rike som arbeider, har jobbar som gjer det nødvendig å reise. Her er det altså at moderne kommunikasjonsteknologi fremjar reiseverksemda. Det er vel kjent både frå offentleg og privat verksemd at globaliseringa har redusert den faste utlandsplasseringa av medarbeidarar. Dei store medieverksemdene har færre faste utlandskorrespondentar fordi det er så lett for dei mest kompetente medarbeidarane i sentralredaksjonane å bevege seg overalt. Men det aukar reiseverksemda fordi teknologien ikkje har redusert det ønskjelege i å møtast auge-til-auge. Dei multinasjonale selskapa veit alle at sosial omgang og personleg kjennskap framleis er heilt nødvendig basis for etablering av tillit. Tillit og kjennskap gir meir pengar i kassa. Reduksjonen av personalkostnader i den rike verda fører til at færre personar reiser meir. Der dei før laga opplæringsprogram for lokalt tilsette, bruker dei nå pengane på å flyge inn røynde folk frå andre delar av verda.

Høve til å reise er eit tydeleg teikn på klasseskille. I vårt eige samfunn er lite mobile trygdemottakarar, arbeidslause og låglønnsgruppene underklassen i systemet. Frå tid til annan kjem her statistikk om at overraskande mange er heime i ferien. Internasjonalt ser vi nå at rike land får hysteriske reaksjonar mot den typen reiseverksemd som fører til at fattige menneske søker eit nytt og betre liv utanfor heimlandets grenser. Økonomisk innvandring, heiter det. Det er som vi veit, ikkje bra, i alle fall inntil det for alvor går opp for oss at vi treng denne arbeidskrafta for å kunne halde oppe vår eigen livsstandard. Rike norske pensjonistar i Spania tek i Carl I. Hagen-land det for sjølvsagt at dei skal kunne etablere gettoar kvar dei vil. I heimlandet er dei fanatiske motstandarar av utlendingar. Dersom dei likevel kjem, skal dei i alle fall bli så norske som mogleg på kortast mogleg tid.

Noko seier meg at dette er tilstandar som ikkje vil vare ved. Når eigeninteressene våre kjem i konflikt med måla for berekraftig utvikling, vil vi få nye ubehagelege kollektive reguleringar. Dei færraste av oss er villige til å gi opp ein så viktig del av vår personlege fridom som mobiliteten, sjølv om det er for å redde miljøet. Dei siste rapportane frå reiselivet fortel at pakketurar nå er ute. Meir individuelle reiseopplegg er inne. Det vil føre til enda meir forbruk av flybensin. Frå heile verda blir det rapportert om at auken i turisme fører til uakseptabel slitasje på vår felles kulturarv. Det kjem til å bli noko til revolusjon når nasjonale og regionale styresmakter for alvor må legge restriksjonar på flyet og bilen av omsyn til miljøet.

Eg reiser nå til Sogn. Der kjem eg til å leve i min livslange tradisjon med skepsis til turistane. Bergensarar, svenskar, nederlendarar og anna farande folk bør helst lokkast lenger inn i fjorden der det er meir å sjå, mindre regn og lite fare for at dei plagar meg. Kven skulle tru at slike nokså tvilsame motiv kunne bli framtidsretta og heroisk kamp for eit betre miljø?