Av Øygunn L. Kallevik

Gud skremmer ingen til himmelen slik som vi så ofte har prøvd på. Eit godt døme på dette kan vi lesa i Joh. 4,7-41. Jesus møter her ei samaritansk kvinne som er utstøytt frå samfunnet på grunn av sin livsførsel. Jesus ber henne henta mannen sin. Ho seier at ho ikkje har nokon mann. Jesus visste nok godt at ho budde saman med ein mann som ikkje akkurat var den første i livet hennar. Men Jesus grip fatt i det positive hos kvinna: Ho talar sant! Det hadde ikkje vore problem for Jesus å byrja å ramsa opp alle syndene hennar og skremt med helvetes pinsler. Men Jesus veit kva som gjev effekt: Å få fram det positive hos folk. Mange av samaritanane kom til tru på grunn av det denne kvinna fortalde.

Trur dette er noko vi kan dra lærdom av. Det går an å finna noko godt i alle dersom vi berre er villige til å leita.

Eg synest vi som kristne har som hovudoppgåve å peika på vår fantastiske Gud — Han som gjekk så langt at Han ofra den einaste sonen sin for oss. Jesus, som var med og styrte og var ein av leiarane i himmelen. Trur ikkje nokon av verdas fremste ville ha gjeve slepp på ein slik posisjon - sjølv om det berre var for nokre år.

Grunnen til at så mange har problem med å forstå kristendommen, er kanskje at det er for enkelt å bli kristen. Så enkelt at det blir vanskeleg.

Vi som kristne har nok gjort vårt til at det enkle er blitt umogeleg for mange.

Den Gud eg kjenner krev berre ein ting: Eit «ja - eg vil tru, sjølv om eg ikkje forstår alt». Resten tek Han seg av. Eg kan lova deg: Du vil forstå etter kvart.

Alle dei andre religionane er avhengige av offer eller gjerningar.

Dette er den store forskjellen. Det ligg i den menneskelege natur å prøva å gjera seg fortent til å bli elska av Gud.

Det er så mykje enklare dersom ein kan prestera noko - oppnå kjærleik på det viset. Det er jo slik ein vanlegvis vert behandla elles i livet.

Vi er ikkje vane med å ta imot gåver utan at vi i det minste har gjort oss litt fortent til det.

Ein blir elska for det gode ein gjer - ikkje for det ein er.

Folk treng håp og vi har noko viktig å formidla.

For å sitera ein tidlegare narkoman:

«Tenk at eg er blitt lurt i så mange år, det er jo livet med Jesus som gjev den beste rusen. Og den er til og med gratis.»

Så - la oss riva oss laus frå helvetespreiket - la oss byrja å diskutera himmelen i staden!

Er det nokon der heime i sofakroken som høyrer meg? Kven blir med på festen?