Olav Kobbeltveit

Sist helg fekk statsminister Kjell Magne Bondevik ei ny nedslåande meiningsmåling i ansiktet. Berre om lag kvar tiande veljar stør partiet hans, og det er ifølgje Vårt Land nesten historisk låg oppslutnad for eit parti som sit med statsministeren.

Statsminister Bondevik tek situasjonen med tilsynelatande ro, og seier det er lenge til valet. Han trur veljarane vil veta å verdsetja eit parti som framstår som eit nødvendig regjeringsparti.

Vi får sjå om det slår til. Eg synest Bondevik og regjeringskollegene hans burde vera langt meir ottefulle for framtida, og eg skal forklara kvifor. For eg opplever no eit KrF som er ribba for initiativ og tiltakslyst. Statsministeren er anonym. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland kan knapt syna til ei einaste KrF-kampsak i sitt departement. Ho blir litt borte om vi samanliknar med perioden til Anne Enger Lahnstein, og maktar ikkje å markera partiet sitt på tilsvarande vis.

Omstridd Snøhvit

I Olje— og energidepartementet sit ein dugande Einar Steensnæs. KrF ville så gjerne ha dette departementet, fordi det er viktig og lett synleg. Men det er vanskeleg å markera Kristeleg Folkeparti frå toppen av OED. Hittil er det blitt med å pressa gjennom ei Snøhvit-utbygging utanfor Hammerfest. Det er til stor glede for Nord-Noreg, men det har berre provosert miljøvernarane, og dei finst det mange av også i KrF - og særleg i KrFU. Laila Dåvøy strevar med sitt, men er noko meir anonym enn i sentrumsregjeringa.

Poenget mitt er at KrF let til å ha falle litt saman etter at dei påførte det norske samfunnet kontantstøtteordninga. Det var ei stor sak der partiet verkeleg har sett merke etter seg. Men kva strevar dei etter no? Kva er det partiet vil? Det blir noko defensivt over eit parti som i hovudsak skal sitja og seia nei eller litt nei kvar gong eit aggressivt Høgre vil endra samfunnet.

Arbeidarpartiet slit litt med det same. Det er vanskeleg å veta om partiet heilt veit kva det vil. Vi har fått med oss at partiet gjerne vil bli stort igjen. Men det bør vilja noko meir enn det. Thorbjørn Jagland hadde tendensar, og i siste boka gav han oss ein gløtt inn i korleis han ser føre seg eit moderne sosialdemokratisk parti. Men han er historie, og kva Jens Stoltenberg vil anno 2002 er meir enn utydeleg.

Hagens parti vil bli stort

Framstegspartiet seier også at dei vil så mykje, men for utanforståande observatørar er det vanskeleg å sjå at tinga heng i hop. Hagen vil til liks med Arbeidarpartiet at partiets hans skal bli stort, og kanskje koma i regjering, men det er vanskeleg å begripa korleis det skal skje. Eit parti som i utgangspunktet snakka om ein sparsam stat vil no bruka meir oljepengar enn nokon andre, og avviser all økonomisk teori som åtvarar mot slik pengebruk. I den grad Høgre lyttar til Kåre Willoch, så er det ein avgrunn mellom Høgre og Frp - som ikkje let seg forsera.

I denne situasjonen er det at Høgre har fått regjeringsmakt og er drivkraft i den såkalla samarbeidsregjeringa. Høgres elleve år på sidelinja har tilført partiet så mykje oppmagasinert arbeidskraft og -vilje at partiet har det frykteleg travelt. Skulen skal omkalfatrast, og private skular skal bli ein viktigare konkurrent til den offentlege. Victor Norman har teke mål av seg til å modernisera offentleg sektor, og det er eit løft som krev ein sjeldan kombinasjon av vilje, kløkt, kraft og tolmod. Erna Solberg skal omskapa det regionale forvaltningsnivået til - ja, det veit vi ikkje. Men vi ser at det går fort, gamle strukturar fell, og protestane frå KrF og dei andre partia blir ikkje tekne omsyn til.

Dei vil reformera

På landsmøtet i helga var det påtrengjande tydeleg at Høgres statsrådar ikkje har innteke departementskontora for å administrera. Dei vil reformera, og dei har ein nokså klår tanke om kvar dei vil. Det minner ikkje så lite om det som skjedde første halvdel av 1980-talet, då Willoch løyste opp stivna strukturar. Det var eit nødvendig arbeid, viste det seg, og Arbeidarpartiet prøvde aldri å reversera den prosessen.

Om Høgre vil lukkast like godt denne gongen, veit vi ikkje. Vi er ikkje ein gong sikre på om alle reformene er av det gode. Men viljen til makt er stor, og partiets fremste folk har til fulle fatta Ibsens ord: «Det er viljen som det gjelder, viljen frigjør eller feller.»