Dette må då truleg byggja på strategiske studier, utført av framståande fagfolk.

På kort sikt inneheld ei slik avgjerd både godt og vondt: Godt er det dersom forsvarsutgiftene kan reduserast, men vondt er det dersom svært mange tilsette i Forsvaret må gå ut i arbeidsløyse. Ei kostbar ordning med førtidspensjonering ser heller ikkje ut til å vera ein god veg å gå.

Men det er eitt faremoment som er lett å oversjå: Den urimelige sosiale nød og fattigdom som vårt store naboland i aust er inne i. Dette representerer i seg sjølv ein ustabilitet som me må ta på alvor.

Kanskje ein kan tenkja den tanken no, at Noreg som nasjon burde ta eit krafttak, over lengre tid, for å avhjelpa noko av den meiningslause nød Russland er inne i.

Fyrst og fremst må dette gjelde nærområda i nordvest.

Både på kort og lang sikt ligg det tryggleik i å syna seg som ein hjelpar, og her gjeld det dei som burde vera oss nærast.

Kanjskje innsparing av forsvarsutgifter kunne gje rom for ein større innsats?

NILS TUFTE, RØLDAL