kommentar

olav kobbeltveit

Så vidt heimkomen frå Russland skulle statsminister Jens Stoltenberg i går leggja fram skrytelista over det han har gjort for det norske folket sidan mars i fjor. Resultatet av møtet med Putin var i så måte lite å skryta av. Men det har han til felles med alle andre norske statsministrar og statsrådar som har gjesta vår store granne i aust. Delelinja i Barentshavet er like imaginær og uløyst som for tretti år sidan.

Men det var det han har utretta her i landet som skulle vera hovudtema på gårsdagens pressekonferanse. Då blir det gjerne gammalt nytt. Helseminister Tore Tønne, som ville ha oss til å betala eigendelar på sjukehus, driv med si store reform: Staten skal eiga sjukehusa. Om det blir ei lukke for landet og norske pasientar er meir enn uvisst. Ingenting tyder på at regjeringa Stoltenberg kan innkassera gevinst på sjukehusreforma i dette valet.

Kosmo i full gang Stoltenberg vil ha fleire og billegare barnehagar. Ære vere han for det, men det har han og Arbeidarpartiet vilja i ein generasjon. Det mest overraskande med den saka er at ho må vera tema i ein valkamp 25 år etter at Arbeidarpartiet lova full barnehagedekning.

Så har vi effektiviseringa av offentleg sektor. Alle løypemeldingar fortel at arbeids— og administrasjonsminister Jørgen Kosmo er i full gang, men ingen har så langt sett noko. Eventuelle resultat blir hemmeleghaldne – av omsyn til LO generelt og Jan Davidsen i Kommuneforbundet spesielt.

Her rører vi så vidt ved noko av det som er hovudproblemet for Arbeidarpartiet nett no. Dei satsar på saker der tiltrua til partiets evne er relativ lita.

LO ein klamp om foten Ein kritisk gjennomgang av ein stor og tung offentleg sektor er avgjerande viktig. Sverige venta for lenge, og braut nesten ryggen. Dette forstår Stoltenberg. Men er han og mannskapet hans i stand til å løysa oppgåva? Dei sterke banda til LO, som partiet nødig vil kutta, ligg som ein klamp om foten på regjeringspartiet, og det går smått framover. Sjølv kjøper eg Stoltenbergs argumentasjon om at dersom vi skal ha ein stor offentleg sektor – og det skal vi – så må han vera slank og effektiv. Elles kjem han i miskreditt og misser den folkelege legitimiteten han er heilt avhengig av. Men eg er altså i tvil om korvidt det er ei Ap-regjering som er best i stand til å gjera jobben.

Så er skatt og avgifter blitt ei av dei viktigaste sakene for folk flest i denne valkampen. Det er ein arena der Arbeidarpartiet har sitt å svara for. Men dei hadde altså ei høgare meining med det. Vekst og velferd for alle, eller kva dei litt pompøse slagorda sa i etterkrigstida. Men det virka.

Kven hugsar Gerhardsen? No er dette historie. Gløymt er Gerhardsens heroiske kamp for velferdsstaten etc, og det er synd. For Aps normalt litt høge skatte- og avgiftsnivå er nøye knytt til ein velfungerande velferdsstat og ein offentleg sektor som i hovudsak tek seg av oss når vi er i naud. Men i dag, når den private rikdommen er større enn nokon gong, er samanhengen mellom eit høgt skattenivå og velferdsstaten mindre tydeleg. Folk ser seg i stand til å ordna opp sjølv. Kanskje burde dei få sjansen, så kan dei sjå kva det kostar?

Det folk kritiserer – og med god grunn – er ein uverdig og for mange ubegripeleg kombinasjon av høgt skattenivå/rik stat og skular som forfell, lange sjukehuskøar og manglande barnehageplass.

Gasskrafta som forsvann Det var gasskraftverk som gjorde det uomgjengeleg nødvendig for Stoltenberg å ta regjeringsmakta i fjor vår. I dag, eit år og tre månader seinare, er det like uvisst om det blir bygd gasskraftverk i Noreg. Og Stoltenberg har knapt nemnt saka. Det kan vera like greitt. På den andre sida har han ein olje- og energiminister som prøver å fortelja folket kor viktig det er med meir CO2 ut i atmosfæren.

Då har eg meir sans for utanriksminister Thorbjørn Jagland, som vil føra gassen frå Nordsjøen rett inn i kjøkenet til folk. Det er det forstand i. Men om det er ei sak som veljarane vil flokka seg om, det er eg meir i tvil om.

Stoltenberg & Co har neppe noko val: Dei lyt halda stø kurs og håpa det beste. Å springa etter nye enkeltsaker på dette tidspunktet vil gjera vondt verre. Men resultatet kan bli nærare 26,9 enn 36,9. Då er seglasen til ende for denne gong, og skipperen kan seia med Ibsen, at «har jeg end sejlet min skude på grund, o, så var det dog dejligt at fare».