Av Henrik Emhjellen,

Bergen

Det går imot over 4000 underskrifter og mange demonstrasjonstog — ikkje berre siste året, men i dei siste tiåra. Eit såkalla demokratisk val om nedlegging skjer mot folkeviljen, altså eit vrengebilete av demokrati.

Frå før finst det sterke økonomiske krefter for avfolking av distrikta, og dermed i retning av sentralisering, jamfør nedlegging av grendaskular. Nå kjem eit nytt åtak mot busetnaden i utkantane av Sogn og Fjordane fylke, særleg kystfolket. Dei som med andre ord held yrkestradisjonane oppe, vørder sine fedrar, vøler sine hus og hentar framleis sitt levebrød frå havet i vid forstand. Dei har statistisk sett dei farlegaste arbeidsplassane i Noreg. Desse etter måten fåmælte menneske som i sin farefulle og slitsame kvardag, heller ikkje blir høyrde av helsebyråkratar når dei ein sjeldan gong gir si meining klart til kjenne. Når dei først seier noko offisielt, er bodskapen desto viktigare og burde følgjeleg tilleggjast stor vekt. Må dei tale for døve øyre til helsedemokratar som er fulle av verbal velvilje og vil alle vel, dersom det ikkje blir for dyrt.

Skal det spanande mangfaldet i busetnadsmønsteret i delar av Kyst-Norge armast ut? Er kampen mot uniformering (les: sentralisering) utan stogg? Må ein vere tilflytta nederlendar for å forstå at økonomistyring slett ikkje er identisk med livskvalitet? Kun i kritiske høve kjem vel helikopter på tale i fall det er ledig, og då er vel Haukeland eit reelt alternativ. Kvifor bli frakta som pasient til Førde, over 70 km, i sjukebil - og bli rista verre under vegs - når det no faktisk ligg føre eit fullverdig tilbod i Florø - frå eit fagleg dugande og attpåtil hyggeleg personale. Sistnemnde kan eg skrive under på etter eit par ferieuhell som hobbybonde i Eikefjord - med etterfølgjande god handsaming ved Florø sjukehus. Der oppdaga eg til overmål at Florø sjukehus også eig ei av dei finaste kunstnarlege utsmykningane i landet. Kunstnaren heiter Bjørn Hegranes, bur i Florø, og underskrivne vil nytte høve til å gratulere med fødselsdagen nokre få dagar på etterskot.

Skal helsearbeidarar på høgt fagleg nivå spreiast for alle vindar som landskapskunsten i Jølster og Sande i det eigendefinerte kultur-, trivsels- og helsefylket Sogn og Fjordane? Har folket sine valde representantar som sit i kommunale organ, på fylkes- og stortingsnivå gjort nok innanfor vårt delegerte demokratiske system, eller har dei misforstått si oppgåve og fjerna seg frå folket? Rekneskapen si tid kan kome ved første val etterpå!

Stopp galskapen i 11. time, helseminister Dagfinn Høybråten!