EINAR FØRDE

I over tjue år framover kjem talet på eldre samfunnsborgarar til å auke jamt og sikkert. Ikkje berre blir vi fleire eldre, men dei kjem også til å krevje meir enn nokon tidlegare generasjon pensjonistar. Signala er tydelege.

Rolv Wesenlund har vore ute og fortalt at nå skal ungdommen og dei yrkesaktive passe seg. Vi kjem vel til å kalle oss senior-borgarar. Vi blir sterkare ved vala Vi har tid, røynsle og overskott til å ivareta våre interesser på ein heilt annan effektiv måte enn tidlegare generasjonar eldre.

Dei politiske partia er i ferd med å posisjonere seg for denne utviklinga. Dei må hindre at vi bryt ut i stadig nye pensjonistparti. Så kjem vi til å få høyre mykje om slitets slekter og dei som bygde landet. Framstegspartiet har i mange år vore leiande i dette hemningslause frieriet til dei eldre veljarane. Dei eldre får på ein heilt annan effektiv måte politisk makt enn i tidlegare generasjonars gubbeparti. Nå kan vi berre vone på at fleire eldre får dette frieriet i halsen .

Nokon må stille spørsmålet om det er bra for samfunnet at makta blir flytta vekk frå dei som med sitt arbeid skaper verdiane og har ansvaret for å få fram og oppdra ungt folk. Dessverre tyder lite på at dei eldre vil nytte den politiske makta si til beste for dei som skal overta samfunnet, til kraftinnsats mot miljøproblema eller for den sakas skuld til å få fram gode fellesgoder som sikrar meir verdig alderdom for det aukande talet på verkeleg gamle.

Det vi har høyrt så langt, tyder på at innsatsen først og fremst vil rette seg mot ytterlegare formuesoppsamling og høgre privat forbruk. Det er delvis opprørske generasjonar som nå utgjer eldrebølgja. Dei som var med på rockeopprøret i Oslo i 1957 er for lengst i gang med å innkassere sine pensjonar. Etter kvart kjem 68-arane med full tyngde. Da kjem vi til mine eigne årsklassar og eg har ikkje store voner til dei. Eg mora meg ein gong med å lage ei liste over dei mest framståande opprørske 68-arane og kvar det vart av dei. Ikkje ein gong ein sogning har så mykje vondskap i seg at han vil publisere den lista. Nå skal vi berre førebu oss på å høyre meir om korleis dei har slitt og bygd og kor hardt det har vore i store deler av livet å greie seg utan bil og oppvaskmaskin.

Sanninga er nemleg at dei nye generasjonane eldre som regel ikkje har slite og bygd meir enn samfunnet rimeleg kunne krevje av dei. Dei som nå kjem til å utgjere eldrebølgja, er den eigentlege dessertgenerasjonen i den norske samfunnsutviklinga. Dei fekk det store privilegium å sleppe å ottast for ikkje å få arbeid. Generasjonane både før og etter har møtt ein heilt annan hard og nådelaus arbeidsmarknad. Eldrebølgja vaks opp med husbank, nedskrivingsbidrag og ein velsigna inflasjon som gjorde det mogleg for dei å mangedoble verdien av det dei eig. Dette er den generasjonen som gjennom femti— og sekstiåra ikkje berre trekte frå rentene av låna sine, men som også hadde studielån der dei trekte frå avdraga.

Dei kjempa lenge mot reformer som kunne endre den ubegrensa retten til rentefrådrag trass i at dei visste at dette var ein svært effektiv mekanisme for å flytte meir velstand til dei som eigde og særleg til dei som eigde mykje. Slik kjempa dei delvis mot sine eigne interesser. Men dei hadde sjølv sin vesle del av denne verdioverføringa og i store tidsrom tente dei meir på å sitje heime og drikke øl enn dei gjorde når dei gjekk på arbeid.

Langt meir kapitalistiske land enn vårt legg større vekt på skattlegge formuer, fast eigedom og arv enn vi gjer. Min spådom er at den viktigaste politiske innsatsen vi kan vente frå eldrebølgja, blir å setje seg imot slik skattlegging. Igjen vil dei delvis kjempe mot sine eigne og sine etterkomarars interesser. Dei vil syte for enda større vekt på skattlegging av arbeid og forbruk.

Slik blir hovudbidraget frå dei å sementere inntektsskilnader og klasseskiljer. Dei fleste av dei har nokon tusenlappar i banken og dei kjem dei til å vakte vel. Dei likar dårleg at statistikarane påpeikar at den største formuesoppsamlinga i vårt samfunn skjer blant pensjonistane. Dei vil ha enda større pengeoverføringar som dei for ein stor del er ute av stand til å bruke sjølv.

Eg vil vere med i eit eldreopprør som krev kraftinnsats for dei uprivilegerte unge som nå strevar med å komme seg inn i bustadmarknaden på ein anstendig måte. Eg ønskjer meg ei eldrebølgje som fokuserer på denne generasjonens viktigaste formue: betre helse, fleire aktive, gode leveår og større mobilitet. God tid og meir krefter skulle gjere det naturleg å nytte auka politisk makt til å kanalisere større ressursar til kulturen og miljøet.

Skattlegginga av pensjonistar og dei urettvise og irrasjonelle samordningsreglane i Folketrygda er problem eg trøstig vil overlate til dei unge å løyse. Snart kjem Sigbjørn Johnsen og hans utval med ei spanande utgreiing om reformer i pensjonssystemet. Men det er saker som burde interessere dei unge meir enn dei eldre.

Eg gjer unntak for eitt viktig rettferdskrav for eldre. Eg har den største sympati for den saka LO har reist til årets hovudtariffforhandlingar. Dei pensjonistane som i vårt noverande system ikkje har tilleggspensjonar eller gode oppteningsreglar, har ei god og rettvis sak. Partane i arbeidslivet og styresmaktene bør gjere kva dei kan for å finne løysingar på dette problemet. I denne kategorien arbeidstakarar finn vi også dei som med litt større rett kan fortelle historia om korleis dei har slite og bygd. Ei oppvurdering av det fysisk harde, farlege, monotone og lite prestisjefylte arbeidet ville vere ei i beste forstand sivilisert reform. Men den børa blir det nok dei gamle politiske partia som må bere fram. Pensjonistpartia har ein annan dagsorden.

Nå ser det ut til at vi igjen får ein strammare arbeidsmarknad. Det vil gi sterke motkrefter til for tidleg pensjonering og nye utvegar til kombinasjonar av pensjonar og lønnsinntekt. Det mest løfterike med denne utviklinga er at det vil auke variasjonane i pensjonistgruppa. Det blir vanskelegare å stenge folk inn i gettoar som «pensjonistar» og «eldre». Færre vil også kjenne seg heime i slike. Politikarar som lever av enkel eldreretorikk, vil ha vanskelegare for å få gjennomslag fordi det blir tydelegare for alle at variasjonane og interessene blant dei eldre er like mangslungne som i folket elles. Det veit alle eldre. Nett no kan ikkje det seiast ofte nok.