Statkraft vert ikkje seld, men selskapet skal heller ikkje få lov til å utvikla seg. Selskapet får ikkje lov til å henta pengar i den private kapitalmarknaden. Selskapet skal heller ikkje få pengar av eigaren, den norske stat.

I Noreg og i resten av Europa er kraftmarknaden i total endring. Her i landet ynskjer mange av dagens eigarar, kommunane, seg ut av denne marknaden. Mange kraftverk er difor til sals.

I Europa vert kraftselskapa færre og større. Det handlar om å kjøpa eller å bli kjøpt. Dei store europeiske kraftselskapa har enorme økonomiske ressursar og står klar til å bruka desse til vidare vekst — også her i landet.

Stortinget har fleire gonger slutta seg til Statkraft sin strategi om å bli eit leiande kraftselskap i den nordeuropeiske kraftmarknaden. For å nå dette målet må Statkraft veksa. Det skal skje ved å kjøpa nokon av dei selskapa som no er heilt eller delvis til sals.

Det seier regjeringa no nei til. Selskapet skal ikkje få tilgang til dei pengane ein slik strategi krev.

I realiteten betyr det at det i nær framtid berre vil vera utanlandske kjøparar når norske kraftverk er til sals. Sakte, men sikkert vil det føra norsk vasskraft over på utanlandske hender.

Dei siste åra har Stortinget mjølka Statkraft ved å ta eit utbytte på opptil 80 prosent av overskotet. Om denne politikken held fram, vil ikkje Statkraft ha pengar til reinvestering, eller til å halde ved like det selskapet eig. Dermed vil verdien i selskapet verta forringa dag for dag.

Det er dette som ifølgje regjeringa er ein politikk for betre statleg eigarskap. For meg er det styrt avvikling.

Av Olav Akselsen (Ap),

leiar i Næringskomiteen