Same Bush lover derimot å bombe i Afghanistan, heilt til dei trur (optimistisk nok) at terrortrusselen er borte. Skal foreldra til sønderknuste småbarn, som var for fattige til å kome seg vekk, vere takksame for at Uncle Sam, trass alt, meinte det godt? Sundrivne småbarn manglar appetitt, og kan uheldigvis ikkje forsyne seg av matpakkene som landa etterpå.

Er amerikanaren så korka dum at han ikkje ser reaksjonsbølga som vil kome, leda av muslimske terroristar, etter dette?

Herr Bondevik og fru Haugland er noko til kristne humanistar, som har lagt seg paddeflat for stormaktsknytteneven. Auga deira må vere sløra av tårer, rørt av endeleg å ha fått makta att. Kanskje den andre tårekanalen vart aktivert, om dei var mannskap om bord i bombeflyet, ivrige med å få ut klasebombene, for deretter å landa trygt for å sjekka resultatet. Slike nærbilete har for eksempel forandra Kåre Willoch sitt syn på Midtausten-konflikta.

Etter dei forferdelege hendingane i Amerika, vert det hevda at terroren har fått eit nytt ansikt. Det vert ytra frykt for at den nye fienden vil vere for flink til å gøyme seg vekk i holer i Afghanistan. Media liker å kalle han «den usynlege fiende». Men dei ivrigaste haukane trur dei likevel skal lukkast, og bomber dei nok, er nok ein del av dei overtydd om at dei til og med bomber vekk årsakene til elendet. Litt pinleg dette med at dei sjølv velsigna same terroristen, Osama bin Laden, den gang som ein spydspiss mot Sovjetunionens troppar i Afghanistan. I sitt ytre var han på deira lag, eit nyttig reiskap, men tydeleg nok ikkje brukande i lengda. Men i krig er der alltid strategiske val. Strategi i krig har sjeldan hatt overveldande mengder refleksjon i seg. I refleksjonen tenkjer ein gjerne lenger tilbake, men same refleksjonen er straks i vegen for hemnbehovet, som er lett å lena seg mot. Det verkar som om Bush og hans rådgjevarar trur dei kan bombe vekk årsaker eller i det minste skremme livet av potensielle årsaker til terrorismen. Feilen har vore gjort mange gonger før.

Verdshistoria har alltid vore kompleks, og politiske vurderingar som ikkje leiter bakom for å finne årsakssamanheng får i ettertid effekten, med rentesrente. Undertrykking avlar vald, og volden har alltid sitt utspring i ein utøvar som ber på både sinne og like mangelfull årsaksvurdering som undertrykkjaren. Den sunnimuslimske fundamentalistiske religionsramme gjev då det som skal til for å gje velsigning for vald. Og trur ein då at satan = amerikanaren, er det kortslutning god nok for ein under Talibans venger.

Amerika har i dobbel forstand skapt Osama bin Laden. Ikkje berre militært, men også som overbevist terrorist. Skal ein terrorist kunne drepe uskuldige, er hatet den viktigaste drivkrafta. Hatet har mange i den tredje verda fått, som konsekvens av langvarig økonomisk utbytting, av akkurat USA.

Om terroristane som stod bak dei grusomme handlingane i USA, gøymer seg og sin feigskap/reddhug i holer rundtomkring i Afghanistan nett no, kan det vere eit visualisert symbol på den eigentlege fiendens natur. Bendelormens huleganger i hovudet på den militærmakt som konsekvent valsar ned utslag, og lar det vere med det. Forresten eit forhold vi slit med alle. Den eigentlege fienden er ikkje den ytre, i terroristens brutalitet der han drep sivile menneske, men finst som den indre i hovudet på den som har skapt han.

Det er lidande trist at volden må vere total, for at effekten av sjølvinnsikt skal lokke fram «den eigentlege usynlege fiende»,

Men her heime har vi våre geistlege, som no må kjenne sitt ansvar. Dei bør ta modell av klasebomber/matpakkehelsingane sendt luftvegen, og be for både mange vellukka trygge bombetokter og obs... i tillegg; offera som trass alt må vere med og bekrefta resultata.

Bondevik bør i det minste gå av!

Av Rune Århus, Valestrandsfossen