HENNING A. HELLEBUSTLeikanger

Dei grov djupt denne gongen. Djupt i dokumenthaugar. Kartet dei følgde var teikna etter anonyme telefonar. Krysset dei navigerte etter var ikkje sjørøvarhola, men OK-Fish Kvalheim AS i Måløy. To utsendingar tok med seg lovsamling og kalkulator og starta leitinga. Skatten dei fann var på 220 millionar kroner. Dei to skatterevisorane frå fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane hadde avdekka noko som kan bli ei av dei største skattesvindelsakene i Norge.

Strengt Det er tidleg fredag morgon. Himmelen over Leikanger er rosa. Dei kvite fjelltoppane speglar seg i Sognefjorden. Heilt nede ved fjorden står bygget med den høgste revisortettleiken i fylket. Det er like firkanta som avgiftslova, skattelova, eller jamvel rekneskapslova ofte kan kjennast. Det er ikkje vakkert, berre solid. Kanskje kjedeleg. Strengt.

I femte etasje, over Fylkesmannen, Riksrevisjonen og Skattefuten, held dei til. I resepsjonen heng ein diplom. «Den norske pris for produktivitet». Korridoren til kontrollavdelinga har kvite veggar, grått linoleumsgolv og lilla dører. Staten. På dørskilta står det «skatterevisor». Midt i gangen står ei beige Facit elektrisk skrivemaskin, som sikkert skriv «etterrekning for moms» automatisk.

Eg bankar på ei halvopa dør, der det står «skatterevisor Marit Ringestad», og det heng to postkort frå Valdres. Ei ung, blond dame smiler «kom inn!»

– Eg førebur neste ettersyn, seier ho.

Ho seier ikkje kven som får besøk, men om nokre dagar står ho på døra til ei verksemd og vil inn. Med seg har ho opplysningar om alt frå rekneskapsførar til lønns— og trekkoppgåva til vaskepersonalet. Jobben er å sjekke om hennar tal passar med røyndomen. Om nokon har prøvd å jukse med momsen, snike på skatten, eller klusse med rekneskapen. O frykt.

– Stort sett går det greitt når eg kjem. Eg har ikkje opplevd at nokon har protestert, sjølv om enkelte er litt nervøse. Folk er flinke til å skilje person og sak. Dei forstår at vi har eit regelverk å forhalde oss til, seier Ringestad.

Svart økonomi I fjor var det blomsterhandlarane som fekk lupa i nakken, etter påtrykk frå Skattedirektoratet. Staten var bekymra for rekneskapsføringa til bransjen. I Sogn og Fjordane var det få tornar i krattet.

– Kven skal de sjekke i år?

– Ha ha ha!

Sjefen for kontrollavdelinga, Arne Sivertsen, blottar tennene¿og bestemmer seg for å røpe løyndomen. Preventiv effekt.

– Vi har fått beskjed frå Skattedirektoratet om at vi skal vinkle mot svart økonomi, bransjar der mange jobbar svart, seier han.

Det betyr at bygg og anlegg, og hotell og reiseliv bør skaffe seg eit eksemplar av «LigningABC» (1249 sider), «Norsk skattelovsamling» (1290 sider) og gjerne del I og II av bindet om «Momsloven». Om dei enno kjenner seg utrygge, kan «Investeringsavgiftslova» og «Forskriftssamling» med 114 forskrifter vere gode supplement.

Resten av næringslivet må likevel førebu seg på at kalkulatorane kan komme. Det er fleier kriterier. Skattekontoret er pålagt å sjekke eit visst tal store verksemder. Og anonyme tips kan ingen verje seg mot.

– Det hender vi får inn lange maskinskrevne lister med namn, som er posta utanfor fylket. Mange av tipsa er det ikkje så mykje hald i, men om det kjem fleire tips på same verksemd, kan det vere grunn til å sjå nærare på saka, seier Sivertsen.

Raude tal På skrivebordet til skatterevisor Olav E. Henjesand står ei reknemaskin. Ut frå gapet heng eit reknestykkje på ein meter. Svarte og raude tal slyngjer seg ned mot golvet.

– Det er ein som får noko momsetterrekning, seier Henjesand.

Han er ein av dei som har vore lengst i avdelinga, sidan 1970. Han har blå skjorte, grå vest, stålbriller og jeans. Han skiljer mellom dei som snyt med vilje, og dei som ikkje veit betre, som ikkje har forstått.

– Det er mykje reglar og lett å trakke feil. Regelverket er pirkete, men det må det vere for å få skikkeleg dokumentasjon. Eg ser som regel kva som er gjort med vilje og ikkje. Det kjem fram i rapporten, som juristane brukar til å utarbeide krav frå, sier Henjestad.

Det er ikkje alltid like lett å vere den som skaffar dokumentasjonen som i ytterste konsekvens sender folk i fengsel eller i arbeidsløysa.

Av dei rundt 70 årlege ettersyna, avdekker dei flest småfeil, ofte misforståingar. Dei alvorlege sakene er få, og saker som «ein ikkje har lyst å ha. Dei seier litt om samfunnet rundt oss», som fylkesskattesjef Øystein Alme seier. Han tykkjer det er trist når saker som OK-Fish vert avdekka. Konsekvensane for dei involverte er store.

Ikkje heilt sentralt Det tok to år å finne ein revisor til den siste stillinga på Fylkesskattekontoret. Og no seier jamvel Skattedirektoratet at det trengs fleire kontrollar. Enno er det ledige kontor i Leikanger, 22 kilometer frå Sogndal. Fleier versemder må sjekkast.

– Vi har slite litt med rekrutteringa. Vi ligg kanskje ikkje heilt sentralt til, men det skulle ikkje vere noko gale med byrjarløna, som ligg på 250.000. Kanskje er vi anonyme i forhold til målgruppa? grublar Sivertsen.

Og no har dei i tillegg skaffa seg ekstraarbeid. Kvart einaste bilag til OK-Fish skal sjekkast. Det vil ta mykje tid og mannskap. Kanskje kan luringane i Sogn og Fjordane vere lure litt lenger.