«Ulven kan no vere på veg til Vestlandet», skreiv BT i fjor. Bakgrunnen for den noko oppsiktsvekkjande påstanden var nokre ulveobservasjonar i Sogn og Fjordane dagen før.

Dei som hadde sett ulven var lokale bønder som Fjelloppsynsmannen hadde liten grunn til å tvila på, ifølgje avisa. Men bønder er no eingong bønder, det veit alle. Skal det vere skikkeleg hald i ei sak som bønder er involvert i, er det best å tilkalle Ekspertisen for å underbyggje påstanden ytterlegare: «Ifølgje ekspertar på Austlandet er det berre eit tidsspørsmål før vi har ulv også på Vestlandet,» skreiv BT vidare.

Det kjem ikkje fram av artikkelen kva som gjer ekspertane kvalifiserte til å vere ekspertar i dette spørsmålet. Hadde dei sjølv sett ulven legge på sprang vestover, kanskje? Ikkje veit eg. Når eg ser ordet Ekspert i avisene, pleier eg normalt ikkje stille meg sjølv fleire spørsmål. Har ekspertar sagt at ulven kjem, ja, då kjem vel ulven, har eg tenkt. Over eit år seinare, byrjar eg å bli noko utålmodig. Kor lenge er det eigentleg meininga at vi skal vente på gråtassen? Finst det ikkje nokon som har skikkeleg lang erfaring i å vente på ulv i dette landet? Hallo?? Kor er ekspertane når vi treng dei?

Sterke meiningar

Når vanlege folk verkeleg treng ekspertar er dei heilt umoglege å oppdrive. Når til dømes studielånet er betalt og kontoen er heilt skrapa to veker før lønning — kor er dei då? Kor er dei når du kavar rundt i butikk etter butikk utan å finne julegåve til kjærasten din? Og når du skal til lønsforhandlingar på jobben - eller du skal opp til eksamen? Kor er dei når du berre har ein halvtimes lunsjpause som du må bruke til å gå i banken der du må stå førti minutt i kø? Det finst tusen grunnar til å rope på ekspertane slik i det daglege, men dei kjem ikkje likevel kor mykje du skrik og skråler. Eg trur suksessen har gått til hovudet på dei. Dei sit i intervju med landets største aviser dagen lang og har ikkje tid til anna.

Når ein først skal snakke om ekspertar, er det viktig ikkje å forveksle dei med folk som har utdanna seg innan eit spesielt fag. Desse folka har ein tendens til å gjere seg til kjenne ved å oppgi namn og yrkestittel som til dømes høgsterettsadvokat Tor Erling Staff når han uttaler seg om noko til media. Ekspertane derimot, veit vi svært lite om. Det kan i det heile tatt vere mykje som tyder på at dei rett og slett ikkje toler dagens lys, sidan dei openbart berre pleier omgang med journalistar. Mange vil til dømes tru at Håkon Moslet er musikkekspert, fordi han har vore platemeldar i Dagbladet, der dei har så sterke meiningar og alt. Ein gong skreiv han noko som vekte ei viss interesse: «Turboneger, som ifølgje ekspertar har laga det viktigaste europeiske rockealbumet nokon sinne (...)», heiter det i artikkelen som ryddar all tvil til side: Sjølv Håkon Moslet må ty til Ekspertisen når det røyner på, eg meiner, når han verkeleg treng å hause opp Turboneger. Slikt blir det sterke meiningar av.

Oppgangstider i Ekspertbransjen

Dei svært gode tidene innan Ekspertbransjen har vist seg over alt i samfunnet. Vi kan også merke at enkelte lykkejegerar har kasta seg på bølgja, og mange bommar noko på oppgåva. Dei er rett og slett ekspertar på ting som vi strengt tatt ikkje treng ekspertar for å forstå: «Den solide økonomiske veksten i Spania, dobbelt så stor som i resten av EU, har ifølgje ekspertar i Spania dempa streikeviljen betydeleg,» skriv Dagens Næringsliv.

Dei som har god økonomi har med andre ord ikkje særleg lyst til å streike (Ooops, der sa eg det igjen, heilt utan eksperthjelp).

Då TVNorge hadde braksuksess med «Big Brother» i si tid, viste sjåarundersøkingar at den argaste rivalen, TV3, samtidig nådde botnen. Som om ikkje dette var tilstrekkeleg informasjon i éin artikkel: «Ekspertar meiner situasjonen er urovekkjande for TV3,» skriv Dagbladet vidare. Det er ikkje for å vere frekk mot Dagbladet eller noko, Ekspertane dei snakka med hadde kanskje ein dårleg dag? At utsegnene deira ser litt rare ut på trykk, treng ikkje bety at informasjonen er uviktig. Mange ekspertar sit trass alt på kunnskap som andre folk aldri hadde greidd å resonnere seg fram til. Spørsmålet er berre om vi alltid treng å vite det som dei veit? Då dronning Sonja fekk hornhinnebetennelse i fjor, refererte Dagbladet til ein ekspert, uvisst på kva for eit felt, som sa at sjukmeldinga kom til å bli langvarig.

AE (anonyme ekspertar)

Bruken av anonyme kjelder i pressa har vekt store debattar i året som gjekk. Med utstrekt bruk av namnlause kjelder kan media i prinsippet seie kva dei vil utan at nokon treng å stå til ansvar for påstandane. Kven som står ansvarleg for ekspertutsegnene, har det hittil vore merkeleg stilt om. Mange vil seie at dette er ei side av same sak, men fullt så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Smak litt på orda Ekspert og Kjelde. Kven har du mest tillit til, Eksperten eller Kjelda? Kven har du mest tillit til av Biskop Gunnar Stålsett og Sven O. Høiby, liksom?

Dersom ein legg godviljen til kan vel også Sven O. kallast ekspert på sitt område, som eg ikkje skal gå nærmare inn på her. Nokre ting er det utvilsamt meir brysamt å ha kunnskap om enn andre ting. I sommar skreiv Dagbladet at overdosedødsfalla var redusert i første halvdel av året. Vidare heiter det: «Ifølgje ekspertar Dagbladet har snakka med, kan dette skyldast mindre tilgang til heroin.» Og kven er det som er ekspertar på heroin, men som ikkje toler namnet sitt i avisa? Dersom eg skriv om setninga blir det noko slikt: «Garva narkomane som Dagbladet har snakka med ...» Det tar seg liksom ikkje like godt ut.

På den andre sida finst det Ekspertar over alle Ekspertar, dei som er mest etterspurde på marknaden nett no. Desse blir gjerne heidra med eigne titlar, som til dømes sexologar. Det hadde ikkje vore det same om avisene var fulle av sexekspertar , folk som boltrar seg i andre (og eigne) sexliv, liksom? Nei, slike kan vi sjølvsagt ikkje stole på, det luktar for mykje av heilt vanlege folk.

Gi oss heller dei reinhårige Ekspertane, dei utan andlet, utan kropp, utan namn, dei som berre veit ting utan mistenkelege vedheng. Korleis kan vi elles få sikre svar på spørsmål vi aldri har stilt?