.

OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Bømlo-lensmann Bjørn Lavik føler seg trygg på at den spesielle leiteaksjonen er oppklart, og at det er telefonkrøll ved alarmsentralen på Stord som er årsaka.

Samtalesporing i Telenor og lokalkunnskap ved alarmsentralen på Stord har ført til oppklaring av saka.

Overslagproblem Periodiske overslagproblem knytt til telefonsentralen ved Fylkessjukehuset på Stord, der den regionale AMK-sentralen er, gjer at personar blir kopla direkte inn til AMK sjølv om dei ringjer den kommunale legevakten. Den eldre Stord-kvinna som ringte og sa at ho låg brannskadd på badegolvet sitt, har følt at ho kom feil stad då ein mannleg vakt på AMK svara henne. Ho kan dermed ha lagt på før ho fekk presentert namnet sitt.

Fadesen var at det på AMK-sentralen sitt display kom opp Bømlo legevaktsentral sitt nummer. Derfor blei ein omfattande leiteaksjon sett i gong på Bømlo.

Skademelding Om lag på same tid tysdag ettermiddag var det kome inn ei skademelding på Stord som stemte overens med skadeomfang og andre opplysningar kvinna gav til AMK-sentralen. Son til den skadde Stord-kvinna hadde kome til henne og sørgt for legehjelpa som ho søkte.

Telenor skal undersøkja telefonsamtalar ut frå Stord-kvinna sin telefon for å slå fast om den mykje omtalte innringinga til AMK tysdag klokka 15.06 verkeleg kom frå dette nummeret.