Det har ikkje vore lett å bryta gjennom Carl I. Hagens støysendingar frå Spania denne sommaren. Politisk journalistikk i sommarvarmen blir utforma på basis av om politikarane er tilgjengelege på mobiltelefon eller ikkje. Men Jens Stoltenberg — påtroppande leiar i Arbeidarpartiet - har nådd gjennom støysona med sitt frieri til høgre og til venstre. Her skal vi konsentrera oss om frieriet til Sosialistisk Venstreparti.

Arbeidarpartiets flørt med utbrytarane til venstre for seg er ikkje av ny dato. Også Thorbjørn Jagland leika med slike tankar. Men det vart aldri alvor. Kvifor?

Politisk sett står Thorbjørn Jagland nærare SV enn Jens Stoltenberg gjer. Men samstundes representerer Thorbjørn Jagland ein arroganse som ligg tungt nedfelt i Det norske Arbeidarparti. Det finst mange i Bondeviks første regjering - sentrumsregjeringa - som kan fortelja oss om ein annan Thorbjørn Jagland enn han som framstår som ein samarbeidets mann. Statssekretærar som vende seg til Jagland for underhand å prøva ut eit standpunkt, fekk bryskt beskjed om at han knapt hadde tid til å snakka med folk under statsrådsnivå.

Arroganse og fiendskap

Men i SV har dei opplevd at arrogansen er verre, fordi han ofte er para med direkte fiendskap. Jagland tilhøyrer - trass relativt ung alder - den kulturen som ikkje har gløymt sviket i 1961, då krinsen rundt Orientering braut ut og skipa Sosialistisk Folkeparti. Det var eit svik mot Arbeidarpartiet, og det var eit svik mot landsfader Einar Gerhardsen, som hadde lagt så mykje arbeid i å halda partiet samla.

No er det Jens Stoltenberg - ein mann som etter alle politiske målestavar står til høgre for Thorbjørn Jagland - som vil ha regjeringssamarbeid med erkefienden SV. Kan han lukkast?

Jens Stoltenberg har framfor alt eit langt meir avslappa forhold til det såkalla sviket i 1961, som toppa seg då SF felte regjeringa Gerhardsen i 1963. Han har også ei pragmatisk tilnærming til samarbeid over partigrensene.

Personlege relasjonar

Men i tillegg er han ein mann som på anna vis enn Jagland kan knyta personlege relasjonar med folk i andre politiske leirar. Han tilhøyrer same generasjon som SV-leiar Kristin Halvorsen, og dei snakkar godt og greitt saman både på tomannshand og i større samanhengar. Kristin Halvorsen sit nokså sikkert med inntrykk av at frieriet frå Stoltenberg er alvorleg meint. Så er det vel fritt fram?

Tja, sei det. Det politiske miljøet i Noreg har så ymse røynsler frå samarbeid med Arbeidarpartiet. Det har i hovudsak skjedd på Arbeidarpartiets premissar. Når vi nyss kunne lesa at Reiulf Steen meiner Ap har vore eit samarbeidsparti sidan kriseforliket med Bondepartiet i 1935, så fortel det mest av alt at heller ikkje Steen alltid kan sjå på sitt eige parti med nødvendig distanse. Etter at folket gav Ap stortingsfleirtal etter krigen, var det ikkje samarbeid som i første rekkje kjenneteikna vårt statsberande parti.

På leit etter vener

Det er all grunn til å tru at Stoltenberg meiner alvor når han vil samarbeida tett med SV. Arbeidarpartiet er i ein situasjon der dei ikkje lenger kan diktera vilkåra slik som før.

I tillegg har Jens Stoltenberg fått merka korleis det er å styra landet ut frå ein veik mindretalsposisjon. Særleg minnest han at sentrum pressa han til å flytta på rekordmange milliardar på 2000-budsjettet. Difor leitar han etter vener som kan tenkjast å bli med i ei ny regjering Stoltenberg etter valet i 2005. Det er truleg hans einaste sjanse.

Men eit formalisert samarbeid med SV sit nok lenger inne enn Jens Stoltenberg likar å tenkja på. Det finst ennå restar etter Haakon Lie i Arbeidarpartiet, og motviljen mot utbrytarane i SV er grunnfest hos mange av den generasjonen som kom til verda før 1950. Dei veit framleis å gjera seg gjeldande.

No skal vi etter kvart få sjå om Jens Stoltenbergs evne til å byggja personlege relasjonar kan omsetjast i politiske realitetar.

John Lyngs meisterskap

Det var her John Lyng - ein av dei store Høgreleiarane - viste sitt meisterskap. Mistrua mellom dei borgarlege partia var stor på 50-talet, og opposisjonspolitikken var prega av resignasjon. John Lyng sette seg føre å byggja samhald mellom Høgre, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti - i sanning ei vanskeleg oppgåve sist på 50-talet. Men gjennom såkalla tillitskapande tiltak vann han sakte men sikkert fram, slik at dei borgarlege overvann gjensidig mistru og tok over regjeringsmakta hausten 1963. Det er John Lyngs store personlege innsats som gjer at vi seinare har hatt ein livskraftig opposisjon til Arbeidarpartiet her i landet.

No er det Jens Stoltenbergs oppgåve å syta for ny - og for Ap grensesprengjande - alliansebygging, slik at ikkje resignasjonen blir Arbeidarpartiets fremste kjennemerke i ei tid med nedslåande meiningsmålingar.