Fire år framover skal 30 milliardar brukast av Forsvaret kvart år.

Kvifor 30 og på kva grunnlag er 30 milliardar eit korrekt og relevant tal som samla og i sum er det norske forsvar?

Kort sagt:

Vi etterlyser dei strategiske analysar og vurderingar som gir talet 30 milliardar.

Eller er det slik at vi først tenkjer ressursar og så kva forsvar vi får for ein sum norske kroner? (Tenk på 30 milliardar.)

Dei store balanseproblema Forsvaret møtte på 90-talet var mest truleg eit resultat av svake sikkerheitspolitiske og strategiske analysar.

Akkurat no arbeider Forsvaret med ny langtidsplan.

Den politiske og strategiske situasjonen er meir komplisert enn nokon gong og vi bør med alle midlar unngå lettvinte konklusjonar som alltid fører til feile slutningar.

Nyleg inviterte NFF til forsvarspolitisk møte i Oslo.

Tre område stod igjen som sentrale i debatten:

Mangel på robuste analysar som basis for det totale forsvarskonsept.

NATOs problem grunna eit sterkare EU (også militært) og verneplikta.

Salen var stappfull av militært personell, forskarar og forsvarsinteresserte menneske.

Det er med andre ord mange som stiller dei same spørsmål som NFF, og som ber om dei same svara.

Og langt, langt fleire bør delta i den offentlege debatten om Forsvaret.

I Noreg har totalforsvarstanken vore grunnleggjande.

Dette fordi vi er få og alle skal kjenne ansvar. Derfor bør mange delta i det opne meiningsskiftet.

Rett nok heiter det at Forsvarsdepartementet og Forsvarets Overkommando er samde om ei vesentleg utdjuping av samarbeidet når det gjeld strategisk planlegging i 2003.

Dette er gjort — vert det uttalt - for å sikre at praktiske målsettingar vert ivaretekne, samstundes som det er teke høgd for militærfaglege rammer.

NFF har sans for alle tiltak som kan trygge land og folk og samstundes sikre internasjonalt samarbeid og fred.

Som sagt - i FO vert det diskutert så fillene flagrar - kanskje skjer dette også i FD og i forsvarskomiteen - og kanskje diskuterer alle saman så fillene fyk.

Men kva vert drøfta?

Kva er tema og kva for grunnlagsmateriale ligg i botn for samtalane?

For eksempel: Kvifor har vi eit forsvar og kva skal det brukast til?

Drøftingar er bra - også i dei lukka rom - men utan eit folkeleg engasjement vil slike diskusjonar ha liten verdi.

I forsvarsdebatten vil vi i NFF motivere til at også andre spørsmål av forsvarspolitisk karakter vert drøfta og vurdert.

Korleis kan forholdet mellom NATO og EU påverke våre disposisjonar?

Skal vi delta i internasjonale operasjonar og korleis skal slik deltaking leggjast inn i våre analysar og strategiar?

Når skal det internasjonale samfunn bruke våpenmakt i krisesituasjonar?

Og endeleg: Kan det brukast våpenmakt i konfliktar som kan utvikle seg til full krig - utan FN si godkjenning og folkerettsleg styring?

Alle problemstillingane er sentrale i ein seriøs diskusjon om Forsvaret sin plass i eit fredselskande demokrati.

Av Håkon Randal, president i Norges Forsvarsforening