FRIDTJOV URDAL Kulturformidlar

Eg ville tru at slike folk var ein fare for tryggleiken. All den tid dei er truande til å sjå og lesa kva det skulle vere, om det står Top Secret på det aldri så mykje. Men dette har vel dei rette myndigheiter klarert på aller høgste plan. Har dei så fått sverje på Bibelen og Stars and Stripes, og elles synt seg som trugne patriotar må vel det meste vera i orden får vi tru. Kva slike folk skal brukast til?

Dei skal sjå etter han bin Laden. Han skal vist sitja nede i afghanske fjellholer, men ein veit ikkje visst kva for ei hole han sit i. Det er det dei synske skal sjå. Men kor dei som skal tolke syna skal vite kva for ei fjellhole han Laden sit i, ja det skulle eg gjerne ha visst. Eg er redd for at det kan vera nokså flokete å finna ut av.

Om dei no ser hola til han bin Laden og Kalasnikoven hans så er det ikkje vidare å gå etter, enn seie bombe etter.

Nei, då har eg eit anna framlegg. Før i tida var dei overtydde om at den beste måten å finne att drukna folk på var å bruke ein hane. Bestefar min hadde stor tru på slikt. Men han var varsam med å fortelje det i utrengsmål, for slikt er noko folk ler av om dei ikkje har sett det. Men det hadde han. Teknikken er heller enkel: Det gjeld berre om å få tak i ein hane, setje han i eit i bur og take han med i båten.

Så ror ein att og fram i det området ein trudde den eller dei bortkomne kan vere å finne. Er det store stykkje ein skal leite over kan ein ha fleire lag, med kvar sin hane. Når så hanen gjel veit ein at ein er over den staden vedkommande ligg. Då er det berre å fire sokna.

Dette har vore fast og god tru lenge, ein treng ikkje leite langt etter folk som kan fortelje overtydande om desse underlege evnene som hanen har. Det duger ikkje å ha høns med seg i slike ærend. Dei klukkar og skravlar heile tida. Hanar har vore i bruk i ettersøking like inn i dei siste år. Om no USA Air Force hadde eit slags opplæringsprogram for kvite hanar, der dei lærde seg å reagere på bin Ladenar på same vis som på sjølik. Då kunne US Air Force ha hanar om bord i bombeflya og når hanen gjel for andre gong kan dei løyse ut lasta, for då er bin Laden rett under. Ja, om ein no tek i bruk både synske, tankelesarar og kvite hanar så vil krigen så å seie gå over i ei åndeleg sfære.

Dette opnar òg for vidtgåande omstrukturering av dei hemmelege tenestene, og vil gjera dei både billegare og kan hende betre. Der kan dei sitja heime eller borte i Fort Lauderdale og sjå ting som ein før måtte reise verda rundt og bruka dei underlegaste løynderåder for å få tak i.

Agentnettet kunne slankast svært mykje, for ikkje å tale om budsjetta for reise og løn. Tenk om slike kapasitetar som Anna Elisabeth Westerlund hadde vore tilsett i POT eller i Forsvarets etterretningsvesen. Då kunne ein ha spart seg mykje sjau fram gjennom åra. No slo det meg brått ein mistanke: Kan hende var det nett det dei gjorde! Ein kan seie kva ein vil om slike evnerike folk. Dei bileta dei leverer kan vere litt utflytande i kantane og gjev ofte rom for vidtgåande tolking. Her er det diverre mange og djupe feilkjelder.

Kan hende er det mistolka syner som ligg til grunn for mykje av det underlege overvakingstenesta dreiv med i etterkrigstida.

Tenk dykk: Asbjørn Bryn, Haakon Lie og Anna Elisabeth Westerlund, det må ha vore eit bomsterkt triumvirat.

Det amerikanarane no gjer er på ingen måte noko nytt, tvert om, det er svært gammalt nytt. Om bombene er aldri så smarte så er der likevel eitkvart ein ikkje kan vite og rå for. Dei store hærførarane har til alle tider gjort mangt for å kunne skaffe seg varsel om den kommande strid. Dei hadde folk til å tyda og spå i stjernene og lesa i innvollane på nyslakta geiter. Dei romerske keisarane heldt seg med astrologar, det same gjorde krigsherrane under 30-årskrigen, ja, Bonaparte og Hitler òg.

Magi og svartekunster av ymist slag er ein del av sjølve krigskunsten. Det kjem ein visst ikkje framom sjølv i vår høgteknologiske og digitaliserte tid. No skulle det ikkje nett undre meg om dei ikkje vil gå lenger enn berre til det å ville sjå og vete. Kvifor ikkje freiste med godt gammalt gand, vi har no til og med tradisjon for slikt her til lands òg. Tenk om vi hadde ei hemmeleg avdeling innan vårt forsvar som arbeider med gand og trollskap?

Svarteboka vart eit viktig fagområde på Forsvaret sin høgskule. Der kunne ein læra seg å synkverve fienden, trolle fram mørkeskodde og styggevêr.

Det står om slikt fleire stader i Snorre, så her er mykje å ause av. Det lyt bere litt målretta gransking til for å få det fram att. Det er truleg dessutan langt rimelegare enn mykje anna som Forsvaret driv på med. Vi kunne til dømes byte teknologi med vår store allierte der i vest.

Dei får litt teknologi på vêr og vind og mørkeskodde, så kan vi få karibisk voodoo i byte.

Tenk dykk, godtfolk:

Nede i ein kjellar i Pentagon der sit det ein tre, fire menn i uniformer med gull og plymasjh og drikk blodet frå ein nyslakta, kvit hane. Dei murar og mullar, ekser seg opp og stikk nåler i voksdokker av Castro, Saddam Hussein, Gaddafi og han bin Laden. Best det er går døra opp, og kven står der og smiler? J au, den norske utanriksministeren.