Av Oddbjørn Nesje Sentralstyret, AUF Leder AUFs Midtøstenutvalg

Ofte skjer dette raskt utan at verken gamle eller unge får tid til å ta med seg nokon eigendelar. Fredag 16.8. sprengde Israel to hus i Tulkarem og Anabta på Vestbredden. Frå israelsk hald vert det sagt at dette er «preventiv politikk». At ein ønskjer å stoppe eller gjere det vanskeleg for potensielle sjølvmordsbombarar å utføre aksjonar. Måndag 12.8. fekk verda nyhende om nok eit «preventivt» opplegg frå israelsk hald. Då vart spekulasjonane om Israel sine planar om deportasjon stadfesta gjennom at ein israelsk militær domstol godkjende deportasjonen av Intissar Adjuri (34), broren hennar Kifah (28) og Abdel Nasser (34). Dei tre forviste menneska er søsken til personar ettersøkt av Israel. Tidlegare hadde dei anka ein liknande dom, men denne vart avvist. Derfor vart det sagt at denne dommen skulle føre til at dei skulle forvisast «omgåande» til Gazastripa og at dei fekk ein (1) dag på anke dommen til høgsterett. Dommen er den fyrste av sitt slag i Israel!

Søndag 18.8. kom avsløringa mange dessverre venta på. Tidlegare har Israel lova USA å ikkje skade presidenten, men Israel sin statsminister Ariel Sharon har tydelegvis vore kreativ nok til å godkjenne planar om å forvise han til eit aude område i arabisk land Israel ikkje har diplomatisk kontakt med. Visst har regjeringa i Israel gjort meir inhumane ting enn å fange ein person og sende denne til eit aude område, men deportasjon av den demokratisk valde leiaren i Palestina er eit overtramp. Det vil vere eit kraftig mistak, og ei hån mot den palestinske befolkninga, om Sharon tek Arafat til fange og sender han til eit aude område!

Det siste dømet på nyleg utført uakseptabel handling frå israelsk side er kanskje det aller verste. I BT fredag 16.8. kunne ein lese om den 19 år gamle palestinske guten Nidal Abu M'khisan som vart brukt som levande skjold under ein israelsk militæraksjon mot ein Hamas-leiar. Ifylgje den israelske menneskerettsgruppa B'tselem vart guten tvinga av israelske soldatar til å banke på døra til Hamas-leiaren Nasr Jarrar. Dei svara med skyting og M'khisan vart drepen. Deretter skaut israelarane mot huset med granatar og jamna huset med bulldosar på sedvanlig vis. Tilfellet med guten er eit brot på løfte den israelske hæren hadde med B'tselem og sju andre menneskerettsorganisasjonar om å ikkje bruke levande skjold under militære aksjonar. Organisasjonane tok nemleg i mai i år opp spørsmålet om bruk av menneskelege skjold i israelsk høgsterett. AUF meiner at handlingane til Israel i dømene ovanfor er brot på internasjonale lover og reglar, og brutaliteten i dei gjer at dei verkar mot si hensikt.

Israel ønskjer å få bukt med sjølvmordsaksjonane, men Sharon sin politikk, og militæret sin aggresjon, gjer at frustrasjonen i den palestinske befolkninga aukar. Talet på sjølvmordsbombarar aukar i takt med denne frustrasjonen. Vi har alle lese om Sharon sine metodar for å drive den palestinske befolkninga til kanten av stupet: Vilkårlege arrestasjonar, husarrestar, bilsperringar, nattlege raid, stenging av vatn/straum, opphøvling av vegar og rasering av olivenavlingar. AUF tek avstand mot sjølvmordsbombing og andre former for terrorisme som påføre uskuldige sivile lidingar. Men når palestinsk ungdom i endå større grad enn før seier at dei ikkje har vanskar med å godta sjølvmordsbombing så er det er grunn til å reagere!

AUF meiner den norske regjeringa har ei passiv haldning til Israels brutale framferd. No er det på tide at regjeringa utnyttar rolla Norge har i FN sitt sikkerheitsråd til å lage radikale vedtak som gjer Israel klar beskjed om å trekke seg tilbake frå dei okkuperte områda og følgje internasjonale lovar og reglar. Israel sin aggresjon har gått av skaftet. Israelarane må snart skjøne at eit politisk skifte er nødvendig.