KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no Nordfjordeid

— Puh! prustar 51-åringen når Bergens Tidende møter han ved breidden av Eidselva ein time etter at laksen beit.- Der kom reaksjonen. Ein blir litt utlada etter ei slik oppleving.Eidaren er skjelven, men tydeleg stolt. Laksen han nett har fått opp, er truleg ein stad mellom ni og ti kilo og av den typen han sjølv karakteriserer som ein "god gamal Eida-laks", breid og fin. Det er berre den andre og til no største han nokon gong har fiska. Den første (6,5 kg) tok han i fjor. Same året som han verkeleg vart hekta på laksefiske.- Eg kjøpte 38 kort og sto ved elva i 400 timar tilsaman i fjor, så ein kan trygt seie at eg vart biten av basillen, ja.Eigentleg hadde han tenkt seg heim att med fangsten, men to austlendingar som enno ventar på tur til å fiska, meiner han må nytta høvet når han har det, og framleis har han to og ein halv time att av fisketida si denne føremiddagen. Atle er lett å overtala og vassar uti att, særleg når austlendingane avslører at dei har sett meir fisk på tur oppover. 50 kroner kosta fiskekortet som gav Atle sjansen til å hala i land den eine av dei fem laksane som blei tatt i løpet av det første halve opningsdøgeret. Alle var av god storleik, ein stad mellom sju og ti kilo.