Ifølgje arbeids— og administrasjonsminister Victor Norman blir dette gjort av omsyn til dei svakaste arbeidssøkjarane, det vil seie arbeidslause vaksne og nyutdanna ungdom. Norman seier at; det må vel vere betre å få eit mellombels engasjement enn ingen jobb i det heile. Men som vanleg når høgreliberale politikarar prøver å framstå som empatiske omsorgspersonar så «lurer» ein skjult agenda i bakgrunnen.

Det Victor Norman og hans høgreliberale regjering hittil har gjort for desse gruppene og arbeidstakarar generelt, er det motsette, til dømes: Kutt i dagpengeordninga, strengare kriterium for å få lønn ved sjukdom, og utviding av rammene for bruk av overtid utan innblanding av tillitsvalde. I tillegg har regjeringa gitt signal om at den ønskjer å utvide normalarbeidsdagen (arbeidstidsbestemmelsane), det skal bli lettare å seie opp arbeidstakarar uavhengig av ansiennitet (stillingsvernet), heller seie opp tilsette i staden for å permittere dei (permiteringsreglane), og ikkje minst regjeringa og NHO sitt inderlege ønskje om å svekke sjukelønsordninga.

No vil regjeringa opne opp for ein generell rett til å inngå mellombels tilsetjing, for til saman tolv månader over ein periode på tre år, for ein og same arbeidstakar. Det skal også bli lov med mellombels tilsetjing når arbeidstakar berre trengst for å utføre eit bestemt oppdrag. Men den eigentlige grunnen (skjult agenda) finn ein ved å lese kva som står på Utanriksdepartementets heimeside på internett om: «Krav til Norge i forhandlingane om handel med tenester» (GATS). Når du les kva som står om GATS-avtalen der, vil du sakte, men sikkert forstå kva som er årsaka til Victor Normans hastverk og eigentlege grunn for å fremje forslag om auka høve til mellombels tilsetjing. Det som går att i krava til nesten alle tenestesektorane Norge har tilbydd, rettar seg mot den såkalla «leveringsmåte 4 (tilstedeværelse av personer på midlertidig basis)».

Victor Norman og Høgre vil leggje forholda til rette for å sleppe til multinasjonale selskap ved ratifiseringa av GATS-avtalen i januar 2005. Med andre ord, Bondevik-regjeringa held stø kurs i kampen for å svekke fagforbunda og leggje forholda til rette for sosial dumping. Vanlege arbeidstakarar eller som Norman seier det: «dei som er innanfor» er fienden som skal bekjempast, og med like talentlause og kunnskapslause politikarar i opposisjon som i posisjon så kan det godt hende at regjeringa lukkast.

Det er nesten flaut å konstatere at det verken er Ap, Sp eller SV, som har fått regjeringa til omsider å offentleggjere krava til Norge, men derimot antiglobaliseringsrørsla ATTAC. Vanlege lågtlønna arbeidstakarar bør i aller høgste grad gjere seg kjent med krava; lukke til, les til nakkehåra reiser seg i angst.

Av Henning Rutledal