Knut Almestad, tidlegare president i ESA, det mektige overvakingsorganet som skal passa på at EØS-reglane vert oppfylte, seier i eit intervju i Aftenposten: EØS-regelverket skal ikke gi rettigheter til regjeringer og parlamentarikere, men til foretak og enkeltpersoner som er aktører i markedet. Slik er det nødt til å være, dersom markedet skal fungere. For ESA er det derfor ofte en hovedsak å holde regjeringene på avstand. Likevel skriv stadig representantar for «Europabevegelsen» avisartiklar der dei hevdar at Noreg må vera med i EU for å sikra ei demokratisk utvikling. Argumentasjonen går ut på at demokratiet skal styrkjast gjennom medlemskap i ein union som forbyr ved lov politisk innblanding i pengepolitikken. Dette vil til slutt føra til at det er pengane — kapitalen - som styrer. Ikkje rart at høgrefolk er dei mest trufaste tilhengjarane til medlemskap i EU.

Mykje tyder på at folk på grasrota i EU-landa ikkje kjenner dette «utvida» demokratiet som dei er medlemer i når frammøtet til val på EU-parlamentet er nede på 20-talet i somme land. Det vert eit kraftlaust demokrati når det ikkje finst eit felles europeisk folk med felles språk og kultur, og ingen felles debatt som kan setja krav til EU-politikarane. Ikkje rart at leiarane i Ap ser for seg ei fredeleg og trygg framtid i EU-politikken og EU-byråkratiet.

INGOLV VEVATNE, ETNE