Robberstad går så langt som å samanlikna med styringsmåten Mussolini nytta, og det er usedvanleg sterk tala frå ein elles så sindig sunnhordlending. Utbrotet kjem etter at staten har valt å gå utanom fylkespolitikarane ved fordeling av desse viktige verva.

Bergens Tidende støttar i ein leiar uttalene til Robberstad, med den grunngjeving at det er mykje politikk i nedlegging av sjukehusavdelingar og heile lokalsjukehus.

Eg vil tru at det er nettopp dette poenget som ligg bak handlemåten til dei statlege helsestyresmaktene, berre med motsett forteikn. Ved å velga bort politikarane, ynskjer ein også å fjerne den politiske styringsdimensjonen. Difor bør kritikken ramma det systemet som staten har valt; medan bakgrunnen til dei utvalde personane er utan betydning. Såleis burde Robberstad kome med sine kraftige reaksjonar då det nye styringssystemet for sjukehusa vart valt, dette systemet som han omtalar som korporativt, og han burde ikkje venta med sine sterke uttaler til det vart kjent at dei gamle sjukehuspolitikarane vart sjalta ut.

Utfordringa med det gamle systemet, med folkevalde sjukehuspolitikarar, var at systemet i stor grad la til rette for lojalitet til pasientar, sjukehuspersonell og distriktsomsyn. Lojaliteten til økonomistyringa vart skadelidande og budsjettoverskridingane store. Det er først og fremst for å sikra økonomistyringa staten overtek sjukehusa. Rimelegvis er det mykje politikk i nedlegging av sjukehusavdelingar og heile lokalsjukehus.

Men det er også mykje økonomi i dette. Dei som skal leia sjukehussektoren frametter, skal ikkje stå til rette for veljarane i val. Sjølvsagt er budsjettoverskridingane problematiske, og sjølvsagt måtte ein få bukt med den manglande budsjettstyringa. Det burde i denne samanheng vera lite problematisk at de gamle sjukehuspolitikarane vert sjalta ut, så i høve fylkespolitikarane har ikkje Hans Otto Robberstad og Bergens Tidende særleg gode poeng.

Derimot har Robberstad eit svært godt poeng når han peiker på at det nye styringssystemet sjaltar ut prinsippet om demokratisk styring av sjukehussektoren. Staten har nok gode voner om betre økonomistyring med dette styringssystemet som Robberstad kallar korporativt, men til gjengjeld tapar Noreg ein bit av demokratiet. Det er flott at arbeidarpartipolitikaren Robberstad seier så kraftig frå om demokratitapet i sjukehusreforma til Stoltenberg-regjeringa.

Av Tor G. Turøy