Demokratiet i ulike former er noko me tek som ein sjølvsagt ting, men dei siste åra er dette kome under press, av ulike årsaker.

Avstanden til krigen og okkupasjonen gjorde vel at eit fungerande demokrati vart sjølvsagt og dermed ikkje fekk nok pleie og omtanke, slik også den slags organismar treng.

Marked tek over for demokrati, ein slags markedsfatalisme i staden for politisk styring.

Demokratiet løyste ikkje alle problem, mange vart litt skuffa.

Stortinget er blitt eit slags småting, som kompenserer manglande påverknad i dei viktigaste sakene som vert teke mot ferdig frå Brussel ved å engasjere seg i regionale og lokale saker til fortrengsel for dei politiske nivåa som skulle stelle med dette.

Embetsmannsstaten er på rask frammarsj igjen, etter hundre år på retrett. Helseregionane er det beste eksemplet på dette, men fleire er undervegs. (Stortinget ville ikkje eingong krevja innsyn i kva dei regionale helseføretaka steller med!)

Folkevalde forsamlingar på alle nivå vert redusert i talet på og møtefrekvensen vert redusert for å spara pengar.

Kommunane synest mest ikkje dei har råd til å halda seg med kommunestyrer, og legg seg nær lova sitt minstemål når det gjeld representanttal.

Folk synest det er for krevjande og ubehageleg å sjå ting i proporsjon og samanheng, me får i staden eit ad hoc— og fakkeltogsdemokrati.

Eigarskapet i industri og næringsliv vert stadig sterkare konsentrert og globalisert, bedriftsdemokratiet lir under dette.

Ein stor del av rekrutteringa til politiske leiarverv skjer etter kvart mellom økonomar som kjem frå «gribbefabrikkane» på NHH og BI.

Desse vert merkeleg like likevel partitilknyting, dei «kjenner prisen på alle ting, men ikkje verdien av noko».

Lat oss stoppa opp litt, er det dette vi vil? Lat oss slå ring rundt demokratiet, i alle høve bør me få ein debatt om denne utviklinga som eg synest er svært negativ. Det er jo slik at, demokratiet er vevd saman av smale band, stemmeband!

HANS OTTO ROBBERSTAD