KJERSTI MJØR

Aldersdemente er ei pasientgruppe med høgt forbruk av sovemedisin, fordi dei er urolege og ofte mykje vakne om nettene. No viser nye forskingsresultat at lysbehandling kan vere vel så effektivt som sovetablettar.

I to veker fekk ei gruppe demente bebuarar ved Kalfaret sykehjem i Bergen sterkt spesiallys ved frukostbordet i inntil ein time. Raskt viste det seg at nettene vart rolegare på sjukeheimen.

— Alle som deltok sov betre etterpå, fortel søvnforskar Bjørn Bjorvatn til BT.

Førsteamanuensisen ved Universitetet i Bergen har gjennomført studien saman med lege og stipendiat Arne Fetveit. Dei oppdaga at demente sov i snitt 13 prosent meir i løpet av nettene. Etter at den fjorten dagar lange «lyskuren» var avslutta, heldt effekten seg i inntil to månadar.

Derfor meiner Bjorvatn at lyskassar kan vere eit godt alternativ til sovemedisin for denne pasientgruppa.

— Vi kan for eksempel sjå for oss at sjukeheimane installerer spesialdesigna lysrom i framtida, seier Bjorvatn, og legg til:

— At demente er rolege om nettene, fører dessutan til mindre arbeid for personalet. Det er ein sekundærgevinst alle er fornøgde med.