PER MARIFJÆRENper.marifjeren@bt.no

Dette fortalde lærar Jan Åge Nilsen ved Øyrane kurs— og kompetansesenter i Førde, der den hovudtiltalte 19-åringen har vore elev no det siste halvåret.

— Vi hadde eit par minutt stillhet og ei lita minnestund på skulen etter Holmlia-drapet, og det var valgfritt om elevane ville delta, fortalde læraren.

— NN (hovudtiltalte) møtte opp og var med på den minnestunda. Det var heilt frivillig, og han deltok på linje med dei andre som var der.

NN er i dag utplassert på opplæring ute i ei bedrift. Nilsen fortalde at elevmassen ved skulen er 80 prosent utlendingar frå mellom anna Irak, Afghanistan, Irak og india.

— Det har ikkje vore ein einaste episode på skulen med NN. Korkje eg eller mine kollegar har opplevd noko, sa Nilsen.

Han skildra NN som svært pliktoppfylande og flink, både når det gjeld teori og praksis. Hovudtiltalte får opplæring i mekaniske fag og sveising.