Det kan likevel vere ein kjerne av sanning i dei. Kvart uskuldig menneskeliv som går tapt er eit nederlag. På dette grunnlag ber Bondevik den norske regjeringa gjere sitt til at det blir ein stans i den amerikansk/britiske bombinga i Afghanistan. Biskopen er samd i at dei som tok livet av 5000 menneske i New York 11. september bør finnast og straffast, men korkje han eller nokon annan som protesterer har noko godt råd å gi om korleis det kan gjerast.

Medan eg høyrde på Bondevik, kom eg til å tenkje på kampen som for vel 50 år sia vart ført mot ein annan brotsmann, Adolf Hitler og hans regime. Mange byar og tettstader i Europa vart den gongen lagde i ruinar av allierte fly, og ti tusentals sivile i alle aldrar miste livet. Eg kom til å hugse kva ein norsk kampflygar sa: – Det verste framfor kvart tokt var tanken på at eg kunne kome til å råke sivile.

Likevel var der ingen opposisjon mot den allierte krigføringa. Eit stort fleirtal visste kven som hadde sett dette i gang. Då gjaldt det oss, vår fridom, vårt land, vårt Europa, vårt syn på det ukrenkelege frie mennesket. Det stod det om. Det same gjer det i dag.

Biskopane og prestane våre frå 1940–45 visste at krigen mot nazismen ville råke også sivile, ikkje berre tyske – mange meinte så gale det var, at det var vel fortent – men også norske liv ville gå tapt. Dei kravde ikkje at krigen mot Hitler måtte stogge. Våre bispar stod tvert imot fremst i den åndelege frontlina mot nazismen. Dei viste folk, som måtte vere i tvil, kva krigen stod om.

Dei var med på å legitimere norsk militær motstand i okkupert land. Dei inspirerte med sin kamp og sitt mot den allierte verda. Det var deira strid som fekk president Roosevelt til å bryte ut:

«Look to Norway!» — dersom nokon er i tvil om kva kampen står om!

Saman med lærarane og prestane, med lekmannshøvdingane Ole Hallesby og Ludvig Hope og deira mektige rørsle, skapte dei ein norsk front, eit fundament under all annan motstand. Dei risikerte livet. Leiarane kom i fengsel. Dei kunne ha fått same lagnad som den tyske biskopen, Dietrich Bohnhoeffer, ein leiande mann i den tyske motstandsrørsla. På Hitlers ordre vart han hengt.

Mange hugsar ennå svære ulukker som allierte og norske fly ufrivilleg vart årsak til i sin kamp for å råke fienden. Her er nokre eksempel av mange. Ved to allierte flyåtak mot ubåtbasen i Laksevåg i oktober 1944 omkom 246 sivile, blant dei 60 skuleborn.

Den 30. september 1943 vart hurtigruteskipet St. Svithun utsett for bombeåtak frå britiske fly nær Stad. 45 nordmenn miste livet.

Eit britisk fly sende 24. oktober 1944 sine rakettar mot eit skip det trudde var fiendtleg. Men det var ruteskipet «Eira» som var i rute Farstad via Skjelten til Roald på Sunnmøre. Skipet var truleg forveksla med eit vaktskip. 13 av dei 40 menneska om bord miste livet. Midt i februar 1943 torpederte to norske MTB-ar hurtigruteskipet «Irma» og eit anna mindre farty på Hustadvika. 63 sivile, menn og kvinner og sju tyskarar omkom.

Eit alliert forsøk på å bombe hovudkvarteret til Gestapo, Victoria Terasse i Oslo, 31. desember 1944, mislukkast. Bombene råka andre bygningar, blant anna også ei sporvogn. 77 norske sivile vart drepne, og 23 hus vart skadde eller øydelagde.

103 allierte fly prøvde 25. april 1945 å øydelegge oljetankanlegget og raffineriet på Valløy ved Tønsberg. Føremålet var å stanse tilførsel av ubåtdieselolje til ein stor tysk ubåtflåte som låg i norske hamner. Åtaket kosta 53 nordmenn livet og la mange hus i ruinar.

Den tids nordmenn sørgde ekstra tungt over desse tap av uskuldige. Dei mange pårørande si sorg var langt tyngre. Det er ukjent for meg at folk av den grunn meinte at krigen mot Hitler-styret var meiningslaus. Nordmenn flest forstod at dei allierte gjerne ville spare sivile, men at sivile likevel gong på gong kunne kome til å misse livet under allierte forsøk på å råke militære mål. Dei meinte å ha forstått meininga med krigen. Dei forstod den endå meir etterpå, då dødsleirane i Tyskland og Polen vart opna. Amerikanske redningsfolk driv ennå på å grave ut restane av døde i Manhattan. Samstundes blir USA utsett for åtak med biologiske våpen. Kvar dag er dei redde for endå større katastrofar. Hadde dette vore tilstanden hos oss, i vårt land, ville vi nok ha forstått meininga med «USAs krig» i Afghanistan, som også gjeld oss. Likevel må vi alle vakte oss vel mot å bli lik det vi slåst imot!

Det er ein avgjerande skilnad på tapa av sivile i Afghanistan og i New York og Washington. Dei allierte i Afghanistan gjer alt dei kan for å spare sivile liv. Osama bin Laden og hans folk gjorde 11. september alt dei kunne for å drepe sivile. Det vart 5000 denne gongen. Ei ny tid, terroristane si tid, er kanskje her. Den vil kome til å vere statslaus, men vil skjule seg, eller bli skjult og hjelpt av statar, der islamsk fundamentalisme finn grobotn.

Ei biologisk, bakteriologisk eller kjernefysisk bombe kan bli slept over USA i morgon, over Europa ein annan dag.

Slike tankar hadde berre teoretisk interesse før 11. september. Heretter kan det bli meir enn teoriar. Folk vil ikkje vite kvar overfallet kjem frå. Men Amerika og NATO-landa meiner denne gongen å vite at Talibans styrtrike «gjest» frå Saudi-Arabia, Osama bin Laden, står bak det som hende i USA 11. september. Nettet hans skal vere spreidd over store deler av verda.

Taliban-styret - som folk har rømt frå i mange år - har nekta å utlevere mannen, som i mangt er merkeleg lik Adolf Hitler, blant anna i si forakt for demokratiet, i hatet mot jødane og USA.

Hitler kom til slutt til å forakte sitt eige folk (slik bin Laden gjer) før han valde sjølvmordet.