Av Per Jarle Sætre, Sogndal

Ifølgje BT fredag 31. oktober hevdar helseministeren at det er jordmødrene i Lærdal si skuld at prosessen omkring omlegging til fødestove i Lærdal har vore vanskeleg. Han hevdar at jordmødrene i Lærdal har sagt opp stillingane sine i protest. Å gå frå stillingar i protest er ei politisk handling. Det er mogleg at ein politikar som Høybråten har vanskar med å tolke handlingar i ei sak på anna måte enn politiske markeringar.

Jordmødrene i Lærdal har poengtert at dei seier opp stillingane sine på grunn av at dei meiner at det ikkje er fagleg forsvarleg å ha ei fødestove utan at dei har gynekologisk hjelp, om det skulle vere kritiske situasjonar. Det er ikkje grunnlaus frykt hevdar dei, då dei alle har opplevd situasjonar som hadde vore kritiske om dei ikkje hadde hatt tilgjengeleg gynekologisk kompetanse. Dei fleste jordmødrene på Nordfjordeid, Stord og Voss delar denne oppfatninga. Ifølgje helseministeren og Helse Vest/Helse Førde er det ikkje grunn til å ta desse erfaringane på alvor. I prinsippet er det same vurderinga kirurgane i Lærdal gjer når dei nektar å ta naudkeisarsnitt. Dei har lov å nekte, jordmødrene har ikkje det alternativet.

Det er også tydeleg at Høybråten meiner det er gale av jordmødrer å svare på spørsmål frå media om kva dei meiner om fødetilbodet ei fødestove gjev. Ut frå ein demokratisk tankegang har tvert imot jordmødrene ei informasjonsplikt om å gje sine vurderingar når dei vert etterspurde. Vanleg folk som meg har også kvalifiserte meiningar om helsetilbod, og må då få best mogleg informasjon, også frå dei som arbeider med dette til dagleg. Alvorleg demokratisk underskot har den nye helseføretaksmodellen når det er umogleg å påverke på vanleg måte. Folk må slite sko kalde haustdagar for å framskaffe eit glimt av demonstrasjonstog på fjernsyn — i håp om at dette gjer inntrykk på politikarane.

Når det gjeld informasjonsplikt har Helse Vest og Helse Førde utelate viktig informasjon om fødestovemodellen. Den har vorte framstilt som ein suksess i Lofoten, sist på eit såkalla dialogmøte i Sogneregionen i september. Nå viser ein rapport frå Helsetilsynet i Nordland at fødestova i Lofoten har store manglar. I ein rapport frå Helsetilsynet i Nordland, «Tilsyn med Nordlandssykehuset HF Lofoten, fødeenheten» datert 24. mars 2003, kan ein lesa evalueringa av dei siste erfaringane frå den forsterka fødestova i Lofoten. I korte trekk kan ein lesa at seleksjonskriteria for kven som skal til større sjukehus i liten grad fungerer. Opplæring av jordmødrer og legar er fråverande, og informasjonen til fødekvinnene er dårleg. Alle som er interesserte i fødeomsorg i distrikta bør lese denne rapporten.

Når helseministeren kritiserer dei åtte jordmødrene, er dei ikkje fleire enn at dette er skuldingar som går på einskildmenneske. Skuldingane er urimelege. Er helseministeren mann nok, ber han jordmødrene om orsaking.