Av Ivar Jørdre, kunstnar, Bergen, (deltakar på miljøkonf. i Rio, 1992)

Ja kva så? Verda ventar, på at noko skal hende i tida framover, at det skal hende eitkvart viktig for å redde jorda sin helsetilstand. På viktige felt som artsmangfald, redning av regnskogen og hava, klimaproblematikk, fattigdom, osb.

Rio+10 vart konferansen kalla (sidan det er 10 år sidan den førre store miljøkonferansen fann stad i Rio de Janeiro, Brasil, og ein skulle tru at ein var komen 10 år lenger i miljøspørsmål?), i etterkant er han berre vorte kalla Rio+. Det fortel ein god del om korleis det gjekk med avtalar om dei viktige sakene, og om tidsplan og forplikting i høve til desse. Eit døme er avtalen om fornybar energi (vindkraft, solkraft, hydrogendriven energi, osb.):

Der var framlegg om at prosentandelen av verdas totale energibruk til det fornybare skulle aukast innan 2010. Men ein sjeldan konstellasjon mellom USA og mange land i sør (mellom dei oljeproduserande land), sette ein stoppar for det.

Slik at nok ein gong har storebror USA fenge mesteparten av vilja si gjennom, denne gongen også ved hjelp av mange fattige land. I andre viktige saker stod USA og Japan (som vanleg) saman om å torpedere konsensus som må til for at ein avtale skal verte gyldig og forpliktande. Så vert kompromiss brukt for å få ein avtale i hamn i det heile, og den vert etter kvart eit inkjeseiande makkverk. Dermed er USA nøgd, og kan ture på i sin oppsvulma kapitalisme som før, med resten og Vesten som snille hundar i band. Kva tid skal det ta slutt, kan ein spørje seg? Kva tid skal USA verkeleg føle presset frå ei utålmodig verd? Ei verd som ikkje lenger finn seg i at ei einaste supermakt skal rå over det meste av verdas lagnad, og etter eige sinn turar fram på kapitalismen og egoismen sitt alter. Mellom mange verdsomspennande folkelege rørsler som protesterer mot dette er ein av dei viktigaste ATTAC, ei alternativ kraft som samlar mange i ein kamp mot heile grunnlaget for verdas herjingar; den globale nyliberalisme (kapitalismen og imperialismen sitt barn). Kampen vil stå om ei berekraftig utvikling, eller ei rasert verd der milliardar av menneske vert taparar, ofra på dei rike sitt alter. Vil me ha det slik? Ja, tydelegvis vil nokon av menneska ha det slik, men kvifor skal nokre få inkompetente, egoistiske og lite smarte leiarar bestemme over alle oss andre 4,5 milliardar.

Kvifor? Sjølvsagt skal dei ikkje det, difor vert kampen om ei meir rettvis verd slik: Fleire og fleire menneske på jorda organiserer seg, viser fram at ei alternativ berekraftig verd er mogeleg, verdas maktelite kjempar imot med alle midlar, og spørsmålet er: KVEN SIGRAR?